Hopp til innhold

Han trekte seg som leiarkandidat i Unge Høgre – opplevde leiarstriden som «eit skite politisk spel»

SOGNDAL (NRK): Glenn Erik Flåten (16) meiner fylkessekretæren i Høgre – gjennom sine allierte i ungdomspartiet – prøvde å påverka leiarvalet i Sogn og Fjordane Unge Høgre. Fylkessekretæren avviser at han skal ha påverka.

Glenn Erik Flåten

– FORSØK PÅ Å SVEKKJA TILLITEN TIL SOLVÅG: Glenn Erik Flåten (biletet) stilte som motkandidat til dåverande Unge Høgre-leiar Amanda Solvåg og fekk dagen før leiarvalet lesa eit internt brev med fylkessekretæren sin versjon av konflikten med Solvåg. Dette skjedde med fylkessekretæren si godkjenning.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det var lite ærleg av dei som fekk meg med på det.

16 år gamle Glenn Erik Flåten frå Kaupanger var guten som for snart tre veker sidan skulle ta makta frå leiaren i Sogn og Fjordane Unge Høgre, Amanda Solvåg, på generalforsamlinga, som er fylkesårsmøtet i ungdomspartiet.

– Eg visste ikkje heilt kva eg gjekk til. Og då eg oppdaga det sjølv, fann eg ut at eg var med på eit skite spel, og det er heilt uakseptabelt.

Det seier Flåten, tre veker etter at fire av fem styremedlemmer i ungdomspartiet, inkludert fylkesleiar Solvåg, blei kasta.

Nytt styre i Unge Høgre Sogn og Fjordane

DET NYE STYRET I UNGE HØGRE: Peter Hollevik frå Florø (i midten på biletet) blei vald til ny leiar for tre veker sidan. Med seg i styret fekk han (f.v.) Bendik Hovland Liseth, Vilde Tøfte Øvstetun, Asbjørn Øyra Sæterskar og Pernille Hjelmeland.

Foto: Unge Høgre

Myrvollen avviser påstand om påverknad

Glenn Erik Flåten trekte seg som leiarkandidat i Unge Høgre i tolvte timen, fordi han opplevde at fylkessekretær i Høgre, Ingvar Torsvik Myrvollen – gjennom sine allierte i Sogn og Fjordane Unge Høgre – prøvde å påverka valet.

– Alle utanfor Unge Høgre og som ikkje er på generalforsamlinga, har ikkje noko å gjera med dei vala som skjer der, seier Flåten.

– Men er ikkje dette berre slik politikk er?

– Nei, det vil eg ikkje seia. Det me driv på med til vanleg er politikk, men dette er ei ny form for politikk. Det er det me kan kalla skite spel og ein skjult agenda. Og slik vil ikkje eg ha det i partiet mitt, seier Flåten.

NRK har presentert Flåten sine påstandar om påverknad for Ingvar Torsvik Myrvollen. Myrvollen ønskjer ikkje å stilla til intervju i NRK, men i ei tekstmelding skriv han dette:

«Eg avviser påstand om at eg skal ha utøvd påverknad på generalforsamlinga til Sogn og Fjordane Unge Høgre.»

– Myrvollen-venleg

For Glenn Erik Flåten byrja det heile med han blei ringt opp av Asbjørn Øyra Sæterskar i Sunnfjord Unge Høgre i starten av januar, like før ein personkonflikt mellom dåverande fylkesleiar Amanda Solvåg og fylkessekretær Ingvar Torsvik Myrvollen blei kjent i NRK.

Ingvar T. Myrvollen og Amanda Solvåg (montasje)

KONFLIKT: Fylkessekretær Ingvar Torsvik Myrvollen og tidlegare fylkesleiar i Unge Høgre, Amanda Solvåg

Foto: NRK/privat

I telefonsamtalen spurde Sæterskar om Flåten kunne tenkja seg å stilla som motkandidat til Solvåg.

– Det var i denne samtalen eg fekk vita om konflikten mellom Myrvollen og Solvåg. Og då blei det framstilt Myrvollen-venleg, seier Flåten.

Asbjørn Øyra Sæterskar stadfestar innhaldet i samtalen. Sæterskar seier til NRK at han ville ha Myrvollen som fylkessekretær vidare, fordi han hadde gjort ein god jobb, og at han ønskte å skifta ut Solvåg som leiar, men han avviser at han samarbeidde med Myrvollen inn mot generalforsamlinga.

Fekk internt brev på bussen

Dagen før generalforsamlinga skulle Glenn Erik Flåten ta bussen frå Sogndal til Førde, der planen altså var at han skulle ta leiarvervet frå Amanda Solvåg. På bussen fekk han eit brev i hende.

Det var eit fire sider langt notat som Myrvollen hadde sendt til leiaren og dei to nestleiarane i Sogn og Fjordane Høgre i slutten av november i fjor. Brevet var eit svar på eit notat Amanda Solvåg hadde sendt til den same leiartrioen månaden før.

Der påstod Solvåg at ho var blitt mobba av Myrvollen. Myrvollen har ei heilt anna oppfatning av dei påståtte tilhøva, men har orsaka to ting han har sagt til Solvåg. Fylkesstyret har i etterkant konkludert at det ikkje har gått føre seg mobbing, men at Myrvollen sine to nemnde uttaler ikkje er akseptable i partiet.

– Sensitivt brev

Kvinna som gav Flåten brevet på bussen, var Vilde Tøfte Øvstetun, som blei vald til 2. nestleiar i Sogn og Fjordane Unge Høgre på generalforsamlinga dagen etter. Øvstetun arbeidde tett med Myrvollen som valkampmedarbeidar for Høgre under lokalvalkampen i fjor.

Vilde Tøfte Øvstetun

SKEIV FRAMSTILLING AV KONFLIKTEN: Vilde Tøfte Øvstetun gav brevet til Glenn Erik Flåten, fordi ho meinte det berre var Solvåg sin versjon av konflikten med Myrvollen som hadde kome ut i media.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

I brevet, som Tøfte Øvstetun viste til Flåten, gir Myrvollen sin versjon av konflikten.

– Å visa meg brevet var sjølvsagt eit forsøk på å styrkja mistilliten min til Solvåg. Dette er eit sensitivt brev, som eg ikkje hadde noko å med å gjera. Det er det som er det mest alvorlege. Brevet skulle gå mellom leiinga i partiet og Myrvollen, og ingen andre, seier Flåten.

– Ville skapa balanse

Vilde Tøfte Øvstetun seier at ho – i samråd med ungdomspartifelle Glenn Tony Lindberg Lie frå Årdal – bestemte seg for å visa brevet til Flåten.

– Som motkandidat til den sitjande fylkesleiaren, meinte eg at Flåten burde ha innsikt i begge sidene av saka, for i media var det berre Solvåg si side som kom ut. Eg hadde fått det dokumentet av Myrvollen tidlegare fordi eg korrekturlesne og faktasjekka det for fylkessekretæren, fordi eg arbeidde i Høgre i fjor sommar og hadde vore involvert i ein del av sakene som konflikten handla om, seier Øvstetun, seier Flåten.

Myrvollen godkjente

Øvstetun presiserer at avgjerda om å visa brevet til Flåten var ei sjølvstendig vurdering. Men ho stadfestar at Myrvollen visste om at Flåten skulle få sjå brevet og godkjente det.

– Eg spurde om det var greitt, og han tykte det var ok, men ikkje noko meir enn det, seier Øvstetun.

NRK har presentert Øvstetun sine uttaler for Ingvar Torsvik Myrvollen. Myrvollen ønskjer ikkje å stilla til intervju i NRK, men i tekstmelding avviser han påstanden om at han skal ha utøvd påverknad på generalforsamlinga til Sogn og Fjordane Unge Høgre – og skriv vidare:

«Det er elles rett at eg i november i fjor skreiv eit notat, slik det blei avtalt med leiinga i fylkespartiet, om min versjon av saka som har vore i media. At andre i partiet anten vil sjå – eller meiner det er meiningsfylt at andre i partiet får sjå – også min versjon av dette, meinte og meiner eg er OK.»

– Dårleg skikk og bruk

– Dette er nye ting som kjem fram for meg, seier leiar Arve Mjømen i Sogn og Fjordane Høgre.

Arve Mjømen

KRITISK: – Konsekvensen av å spreia opplysningane i brevet, som er meint å vera interne, kan tolkast som ei innblanding og ei klar meining om å svekkja kandidaturet til Amanda Solvåg, seier leiar Arve Mjømen i Sogn og Fjordane Høgre.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Mjømen tykkjer lite om at Myrvollen godkjende at Flåten fekk lesa eit internt brev:

– Dersom føremålet har vore å svekkja ein person sitt kandidatur, her i Sogn og Fjordane Unge Høgre, så er det veldig dårleg skikk og bruk frå ein fylkessekretær.

Mjømen meiner at Myrvollen burde ha orientert han som fylkesleiar om saka. På spørsmål om fylkessekretæren har blanda seg inn leiarvalet i Unge Høgre, svarar Mjømen slik:

– Nei, ikkje i seg sjølv, men konsekvensen av å spreie opplysningar, som er meint å vera interne, kan tolkast som ei innblanding og ein klar meining om å svekkja kandidaturet til ein av dei fleire i Unge Høgre si generalforsamling.

– Partiet er tent med ro

NRK har presentert Mjømen sine uttaler for Ingvar Torsvik Myrvollen. Myrvollen ønskjer ikkje å bli intervjua i NRK, men skriv i ei tekstmelding:

«Partiet er tent med ro i saka, og eg håper flest mogleg respekterer dette. Eg vil difor ikkje kommentera ut over det eg allereie har gjort.»

NRK har snakka med tidlegare fylkesleiar Amanda Solvåg. Solvåg ønskjer ikkje å gi intervju om det som har skjedd, men seier at ho tykkjer det var uryddig å la Flåten få lesa brevet, spesielt sidan det var dagen før generalforsamlinga og leiarvalet.

Planlegginga av eit kupp

Etter å ha lese Myrvollen sin versjon av konfliktsaka gav Glenn Erik Flåten brevet tilbake til Øvstetun og tok bussen til Førde, der planane for å kvitta seg med Solvåg og det sitjande styret i Sogn og Fjordane Unge Høgre, skulle leggjast.

– Den kvelden blir planen lagt utover heile natta. Eg og dei andre som ville kasta Solvåg, fann kven som skulle veljast til dei ulike verva neste dag. Og det gjekk nesten som planlagt.

Flåten trekte seg i siste stund, etter at han på sjølve generalforsamlingsdagen frå andre Unge Høgre-medlemmer fekk høyra Solvåg sin versjon av konflikten med Myrvollen.

Kom opp med ny kandidat

For dei som ville kasta Solvåg, fekk ikkje dette store følgjer, fordi Peter Hollevik frå Florø raskt blei lansert som ny motkandidat. Hollevik blei òg valt som ny leiar i Sogn og Fjordane Unge Høgre.

Sogn og Fjordane Unge Høgre hadde dermed fått eit dramatisk leiarskifte berre veker etter at konflikten mellom Myrvollen og Solvåg blei kjent.

Generalforsamlinga blei òg ein arena for den pågåande leiarstriden i moderpartiet – mellom dei to leiarkandidatane Vidar Grønnevik og Noralv Distad og deira støttespelarar.

Generalforsamlinga vedtok mellom anna å binda fylkesleiar Hollevik til å røysta på Distad på årsmøtet til Sogn og Fjordane Høgre siste helga i februar.

Unge Høgre kan stilla med mange delegat på fylkesårsmøtet, og ungdomspartiet er difor viktig å ha med på laget.