Hopp til innhold

Fleire lokalaviser slit økonomisk

Fleire av lokalavisene i Sogn og Fjordane slit økonomisk. Spesielt avisene i Nordfjord slit med lønnsemda.

Lokalaviser i Sogn og Fjordane

TRONGE TIDER: Lokalavisene, spesielt i Nordfjord, opplever tøffe tider.

Foto: Rune Fossum / NRK

I Måløy vart Fjordenes Tidende sitt årsresultat nær halvert frå 2011 til 2012. Reduksjonen var på 1,1 million kroner, noko som gjorde at årsresultatet i fjor enda på 677.000 kroner.

Erling Wåge

REDAKTØR: Erling Wåge i Fjordenes Tidende.

Foto: odd l. drabløs

– Inntektene utvikla seg positivt i alle år, men forklaringa på resultatet er at vi har sett av pengar til omstillingar som vi skal igjennom framover, seier redaktør Erling Wåge.

– Små marginar

For det kostar å sko seg for framtida, der lesarane i større og større grad går over til å oppdatere seg på mobil, lesebrett og data. Lenger inne i fjorden har også Fjordabladet i Eid gjort investeringar.

Dermed vart eit lite overskot i 2011 snudd til 35.000 kroner i minus i fjor.

– Som ei lita lokalavis, så lev vi med veldig små marginar. Vi har verken store overskot eller store underskot, så det er ganske stabilt, seier Magne Kåre Nesheim.

Bra for trio

Også Fjordingen, som kjem ut i Stryn har eit dårlegare resultat i fjor enn året før. På Sandane forbetra Firda Tidend årsresulta med kring 60.000 kroner - til krign 450.000 kroner i fjor.

For Sogn Avis, Firdaposten og Firda var 2012 samla sett betre enn 2011. Dagleg leiar Rolf Årdal seier omstillingar gjort i 2011 er forklaringa på eit betre resultat i Firda Media.

Avishuset Firda

POSITIVT: A-presseavisene Firda og Firdaposten, samt Sogn Avis, opplevde ei positiv utvikling frå 2011 til 2012.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Vi har kutte ned og omstilt organisasjonen. Slik utfordringa er i bransjen, så er dette slikt vi må jobbe med kvar einaste dag framover, seier Årdal.

Inntektene har stagnert

Rekneskapstala til lokalavisene vier også at inntektene dei siste tre åra har halde seg nokolunde på staden kvil.

– Utfordringa for heile mediebransjen er at inntektene har stagnert sidan 2008/2009, slik at alle må jobbe med å justere og tilpasse kostnadene deretter. Der har hovudfokuset vore lenge, seier Årdal.

– Må vere budde

I Fjordenes Tidene seier Wåge at det no handlar om å vere budde på den digitale kvardagen.

– Folk er vande med at veldig mykje av det som skjer på nett og elektronisk skal vere gratis. Når vi då skal ha folk som produserer innhaldet, så er det utfordrande å ta betalt. Vi ser det er vanskeleg å nå dei yngre lesarane på det tradisjonelle papirproduktet, seier redaktøren.

Årdal trur på stabilitet

Årdal seier Firda Media allereie har gjort fleire grep for å vere budde på framtida. Han trur at ein om kort tid vil ha ein meir stabil økonomi.

– Det er veldig kjekt å sjå at vi held lesartala veldig sterkt på papir. Samstundes har vi ein formidabel auke digitalt, både på web og mobil. Vi ser at inntektsstraumane veks kraftig digitalt. Eg trur at dersom vi ser eitt år eller to fram, så vil digitalinntektene vekse meir enn dei fell på papir, seier han.