Ifølgje fersk statistikk frå Mediebedriftenes Landsforening (MBL) går fylkets største avis, Firda, ned med 431 i opplag, og har dermed eit opplagstal på 11 936 aviser.
– 431 ned er ikkje noko hyggjeleg, men det er ikkje uventa. Vi ser at lesarvanane til brukarane våre endrar seg, fleire og fleire hentar nyheitene sine frå lesebrett, nett og mobil, seier ansvarleg redaktør i Firda, Yngve Årdal.
Det er ikkje første året Firda opplever nedgang i opplagstalet. I 2011 mista dei ti færre enn denne gongen, altså 421. Også i 2010 trona dei øvst av avisene i fylket som gjekk ned i opplag. Den gong forsvann 255 aviser.
I 2009 mista avisa 290 i opplag. Dermed har det vore mange, tunge år med fallande tal for storebroren blant lokalaviser i Sogn og Fjordane.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Mistar rundt 860.000 kroner
Årdal seier at dette er erfaringar som leiinga tek med seg i den vidare planlegginga av satsinga til Firda.
– Vi tek det med oss vidare, og vi satsar meir digitalt, seier Årdal.
Eit abonnement på Firda kostar i overkant av 2000 kroner, difor kan ein opplagsnedgang på 431 fort bety ein inntektsnedgang på mellom 800.000 og 900.000 kroner.
– Det forsvinn ein del pengar frå botnlinja, og det er pengar vi brukar til å lage journalistikk. Vi må berre gjere ting smartare på måten vi jobbar, og så må vi sjå korleis vi skal skru oss i hop for å møte den nye mediekvardagen, seier Årdal.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Ingen konsekvensar på kort sikt
– Får dette konsekvensar for dei som jobbar i Firda?
– Ikkje på kort sikt. Dette var ikkje uventa, vi har visst om tala. Men ein nedgang på tre prosent er i overkant av kva vi hadde venta. Vi er ei slags mini-regionavis og dekkjer mange kommunar, og det finst ein del mindre lokalaviser som er betre på oss til å dekkje einskildkommunar. Dette er ein trend som er for oss litt større avisene, seier Årdal.
IKKJE NØGD: Ansvarleg redaktør i Firda, Yngve Årdal, skulle gjerne sett at opplagsnedgangen ikkje var så høg som tre prosent.
Foto: Bent Are Iversen, FirdaAt det berre er avisa Ytre Sogn som har framgang i opplaget, trur han har ei klar årsak.
– Ytre Sogn har avis to gonger i veka og skriv primært frå to kommunar, Høyanger og Hyllestad. Dei får mykje stoff frå dei kommunane sine, seier Årdal.
- LES OGSÅ:
Skal dekkje 12 kommunar
Han seier at situasjonen er ein annan for Firda som kjem ut seks dagar i veka og har fleire kommunar i nedslagsfeltet sitt.
– Vi skal prøve å komme oss rundt i 12 kommunar, og det er utfordrande. Spørsmålet er om vi gapar over for mykje, og det er diskusjonar som vi har i redaksjonen. Men inntil vidare så har vi lyst til å halde på dei kommunane vi har, seier Årdal.
Også fylkets nest største avis, Sogn Avis, har hatt ein nedgang. Dei gjekk ned med 88 i opplag i fjor, og er no nede på 9 349.
Firdaposten mista 100 i opplag og er nede på 4798, medan Fjordenes Tidende hadde ein opplagsnedgang på 163 aviser. Opplaget deira er no på 4702 aviser.