Som del av ein sentraliseringsprosess i Posten over heile landet, har også Nordfjord opplevd kutt i sorteringssentralar, og omlegging av postruter. For lokalavisene Fjordenes Tidende, Fjordingen og Firda Tidend har det bydd på utfordringar.
– Vi har abonnentar som no vil seie opp avisa på grunn av dette her, seier redaktør i Fjordenes Tidende, Erling Wåge.
– Utfordrande
For avisa sine abonnentar i særleg Bremanger og Selje har omlegginga i Posten ført til at mange får avisa mykje seinare på dagen enn tidlegare. Det har skapt store reaksjonar, ifølgje redaktøren.
– For oss som skal levere papirprodukt som ferskvare, så er det veldig utfordrande. Posten gjorde ei ganske stor omlegging som dei innførte i førre veke både i Bremanger og i Selje som gjer at dei har færre postbod og dei må køyre lengre ruter. Det betyr at enkelte abonnentar må vente lenger på avisa, og får den gjerne ikkje før i fire-fem-tida på ettermiddagen, seier Wåge.
Han meiner Posten har vore dårlege på å informere om prosessen, og skulle ønske at dei hadde blitt involvert meir.
– Vi har ikkje fått noko informasjon frå Posten om dette. Dei har berre gjort den omlegginga utan å informere oss som er ein storkunde, som legg igjen bortimot to millionar kroner kvart år i posten. Så no har vi brukt mykje energi på å sjå kva vi kan gjere for å rette opp i dette så godt vi kan.
Skal ha møte om saka
I DIALOG MED AVISENE: Pressesjef i Posten Norge, Hilde Ebeltoft-Skaugrud.
Foto: Pressefoto/Nils MidtbøenPosten Norge har fått tilbakemelding frå avisene, og har bede om eit møte med avisene som skal haldast komande tysdag.
– Årsaka til omlegginga er fallande brevvolum, altså, Ola og Kari Nordmann sender stadig færre brev. Det gjer at vi må gjere drifta vår meir effektiv, samstundes som vi må bevare gode posttenester rundt omkring i landet, seier Hilde Ebeltoft-Skaugrud, pressesjef i Posten Norge.
Ho vedgår at konsekvensane har blitt at nokon får posten seinare, men samstundes seier ho at andre får posten tidlegare, medan mange ikkje merkar noko i det heile. Likevel tek dei tilbakemeldingane frå avisene i Nordfjord på alvor.
– For oss er det viktig at både postmottakarar og kundar er nøgde, så på tysdag vil det vere eit møte mellom Posten og desse avisene, der vi ser nærare på kva som er konsekvensane av driftsomlegginga, seier Ebeltoft-Skaugrud.
– Har informert
Nokre av konsekvensane kan også vere berre no i innkøyringsfasen, meiner pressesjefen.
– Ved endringar brukar ein alltid litt tid på å køyre seg inn, så nokre av desse konsekvensane kan rett og slett skuldast det. Men dette vil vi kartlegge på møtet og eventuelt sjå på tiltak i etterkant om ting ikkje betrar seg.
At Posten har vore dårlege på å informere er ho derimot ikkje samd i.
– Dette har vi sendt ut informasjonsbrev om til kvar enkelt husstand i forkant.
Likevel er dei klare til å ta grep om det er naudsynt.
– Om konsekvensane ikkje er til å leve med så vil vi i ytste konsekvens måtte sjå på moglegheiter for å leggje om rutene ytterlegare, altså sjå på ein anna måte å strukturere det på, seier ho.