Hopp til innhold

Vraka listetopp: - Eg føler meg definitivt som ein av taparane i valet

Senterpartiet sin ordførarkandidat i Gaular vart rett og slett vraka av veljarane. – Eg føler meg som ein av valets taparar, vedgår Leif Bell.

Leif Bell

VRAKA: Leif Bell stod på 1. plass på lista, men vart vraka av veljarane.

Foto: Privat

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Den pensjonerte politimannen frå Gaular var ikkje sein å be då han vart spurt om å stå som listetopp for Senterpartiet i årets kommuneval. Men Leif Bell har for alvor fått merke at det er veljarane som bestemmer.

Bell er så upopulær blant dei som røysta i kommunen at han ikkje ein gong kom inn i kommunestyret.

– Demokratiet kan vere ei ganske så brutal styreform frå tid til annan, seier Bell.

– Ein snakkar om vinnarar og taparar i valet, kva føler du deg som?

– Det er definitivt som ein tapar, seier Bell til NRK.no.

Sitjande ordførar mest populær

Bell gjekk nyleg av i jobben som operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt. Pensjonisten håpte han kunne få nye arbeidsoppgåver, nemleg som ordførar for Senterpartiet i Gaular. Men etter at veljarane har fått sagt sitt blir det ikkje slik.

For dei som gjekk til valurnene i Gaular har nemleg ein annan favoritt. Sitjande ordførar, Senterpartidronninga Jenny Følling stod på 15. plass på lista.

Men etter at ho fekk til saman 209 personstemmer, i form av personstemmer og såkalla slengarar frå andre partilister, så er ho no vald inn i kommunestyret.

– Det er alltid kjekt å gjere gode val, så dette var kjekt å høyre, seier Følling til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jenny Følling

IKKJE ETTER PLANEN: Jenny Følling stod på 15. plass på lista, men var så populær at ho enda opp på 1. plass. – Dette var ikkje slik eg hadde tenkt det, seier Følling.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Bell: – Det er vanskeleg å setje ord på

Følling blir dermed ein av seks representantar for Senterpartiet i det komande kommunestyret. Ein av desse plassane var tenkt til listetopp Bell, men også fem andre Sp-politikarar fall meir i smak hos veljarane. Bell er rett og slett ikkje populær nok.

– Det er heilt tydeleg at veljarane synst andre Senterpartikandidatar var meir populære og meir verdige å stemme på, seier Bell.

Han vedgår at det er litt surt at han ikkje ein gong fekk plass i kommunestyret, sjølv om han stod som førsteplass på lista.

– Lei meg og lei meg. Det er vanskeleg å setje ord på, men litt skuffa er eg, seier Bell.

Følling: – Nesten litt dårleg samvit

For Følling vart ting langt ifrå slik ho hadde tenkt det. Ho hadde ikkje ein gong tenkt å halde fram i kommunepolitikken og stod på lista for å gje støtte til partiet i heimkommunen.

Følling har fått rolla som fylkesvaraordførar og vil konsentrere seg om denne jobben i dei fire åra framover. Ho har nesten litt dårleg samvit for at Bell er blitt skvisa ut.

– Ja, nesten, ler Følling.

(Artikkelen held fram under)

Leif Bell vart vraka av veljarane

VARA: Leif Bell stod som listetopp, men fekk til slutt ikkje plass i kommunestyret.

– Det kan nok bli fleire innhopp

Ho trur samtidig at det fort kan bli til at Bell får både eitt, to og tre innhopp i kommunestyret. Han er no første vara for Sp i kommunestyret.

– Kan det tenkjast at du blir så mykje vekke og så mykje oppteken med jobben som fylkesvaraordførar, at Bell endar opp med å møte ganske så ofte i kommunestyret i staden for deg?

– Eg trur han kjem til å få møte ein god del i kommunestyret, ja, seier Følling.

For Bell er dette godt nytt. Sjølv om han ikkje vil kalle seg arbeidsledig pensjonist vil han gjerne ta i eit tak i politikken.

– Eg har framleis litt arbeidskraft igjen, så vi får sjå kva det blir til, smilar Bell.