Hopp til innhold

Kven skal etterfølgje Jenny?

Kven skal etterfølgje Jenny i Gaular?

Storehesten i Gaular.
Foto: Eirin Årdal

Gaular er ein av Senterparti-bastionane i fylket, trass i at partiet har hatt ei turbulent historie. Historisk har Gaular hatt store stridssaker som har vore med på å endre poltisk landskap. Stikkord er kampen om Gaula og skulestriden i Bygstad.

Samlingslista ute

Alle stridigheitene førde til at Senterpartiet sin fremste, ordførar Per Kjelstad, i 1995 stilte som listetopp for Samlingslista og vart på nytt vald som ordførar. Han vart ekskludert frå Sp, og samlingslista gjorde gode val i 95, 99 (35,7%) og i 2003. Også i 2007 stilte dei, men var då ned på 16%.

I år er Samlingslissta borte, og Per Kjelstad avsluttar sin lange og markante politikar-karriere. Spenninga er no kor hen Samlingslista sine stemmer no går.

Etter Jenny...

Jenny Følling (Sp) har vore populær ordførar i Gaular siste to periodane, og ville truleg blitt attvald utan store vanskar, dersom ho ikjke hadde sigla opp som Senterpartiet sin opplagte fylkesordførarkandidat etter Nils R. Sandal.

Då måtte ho gjere eit val - begge deler let seg ikkje kombinere - og ho trekte seg som ordførarkandidat i heimkommunen. Spenninga er kva oppslutning etterfølgjaren, Leif Bell, får.

Han er i utgangspunktet favoritt til ordførarklubba, men Jenny Følling sin avgang har nok skapt noko meir tru på ordførarsjansane både hos Anita Eide Kvamme (Ap), Norunn Lunde (Krf) og ikke minst hos...

Mathias Raaheim (H)

Veteranen Råheim trekker seg i år frå fylkespolitikken etter eit utal av år. Men han stiller på igjen i lokalpolitikken. Skal det endeleg bli hans sjanse til å bere ordførarkjedet i heimkommunen før han gjev seg?

Andre listetoppar i Gaular i år er Heidi Vallestad (SV) og Ottar Hov (V)

Saker

Gaular er ein kommune med ganske anstrengd økonomi, og med dei utfordringar som like kommunar har. Dei har hatt og får til bake diskusjonen om storleiken på eigedomsskatten.

Samling av to ungdomsskular til ein er også tema, og diskusjonen om storkommune i indre Sunnfjord kjem også tilbake.

Gaular - kommuneval

 

Ap

SV

SP

KrF

V

H

Andre

1995

12,7

 

36,6

9,2

5,2

9,0

27,2

1999

11,8

 

23,5

10,4

7,3

11,3

35,7

2003

11,0

10,2

31,5

8,9

2,0

9,4

27,3

2007

 8,0

 4,2

44,8

10,6

1,9 

14,5

    -