Hopp til innhold

Lisa (15) imponerte ein av dei beste i Norge

Lisa Måren Løseth har knapt gått konkurransar i kappgang. I sin debut på 5000 meter skreiv ho seg inn i historiebøkene og imponerte ein av dei mestvinnande kappgjengarane i landet.

Lisa Måren Løseth

SØLV: Lisa Måren Løseth konkurrerte i ein veldig varme i Bergen laurdag føremiddag. Men det heldt til NM-sølv.

Foto: Privat

– Det følast bra, seier ei blid Høyanger-jente på telefon frå Bergen.

Laurdag føremiddag konkurrerte ho for første gong på 5000 meter kappgang. Det gjorde ho under NM for senior som i helga går av stabelen i byen mellom dei sju fjell.

Mot mange eldre utøvarar var det altså ei 15 år gamle jente frå Sogn og Fjordane som sikra sølvet.

– Hadde du trudd det kunne skje?

– Eg hadde ingen forventningar, det var å fullføre som var målet mitt, seier Måren Løseth glad.

Noterte seg i historiebøkene

Det er knappe to år sidan ho først vart introdusert for kappgang. Den gong av noregsmeister Merete Helgheim på eit friidrettsarrangement for ungdom. Sidan har det blitt litt kappgang, men ikkje mykje, og slett ikkje mange konkurransar ifølgje ho sjølv.

15-åringen frå Høyang IL satsar også på springing, og konkurrer på 1500 meter og 5000 meter. Før NM i kappgang la ho inn litt målretta trening.

– Eg har prøvd å gå litt meir kappgang i det siste, slik at eg skulle gjere det bra.

Og bra gjorde ho det. Under knallblå himmel og over 20 varmegrader gjekk ho inn til tida 29.10.

Dermed sette ho ny kretsrekord for jenter 15 år i Sogn og Fjordane. Det er nemleg ingen andre som har gått distansen. Med tida er også sterkt samanlikna med tidlegare kretsrekordar i årsklassen to år opp.

Imponerte gull-grossist

Erling Andersen, som sjølv har 34 NM-gull i kappgang, såg den unge Høyang-jenta konkurrere i dag. Han er imponert over det han fekk sjå.

– Med tanke på alder og at ho er såpass fersk, så var det ein veldig bra prestasjon. Ho har mykje å gå på og kjem til å presse tidene ytterlegare ned, seier Andersen som også representerer kappgangutvalet i Friidrettsforbundet.

Han meiner tida 29.10 er svært sterk av ein 15-åring.

Han viser til at Kristiane Rygg frå Hyen IL har kretsrekorden i Sogn og Fjordane på 5000 meter for jenter 17 år, med tida 27.33. Måren Løseth, som altså er to år yngre, ligg no berre vel halvanna minutt bak den tida.

– Tida hennar i dag ligg tett oppunder tidene som er gått i eldre klassar. Det var ein bra debut på 5000 meter, konkluderer den tidlegare OL-deltakaren.

15 år gamle Lisa Måren Løseth ser no fram til NM i friidrett seinare i sommar, der ho skal konkurrere på 3000 meter kappgang.

– Eg håpar eg kan greie ei god tid, men eg har ikkje veldig store forventningar, seier ho kledeleg beskjedent.