Ferjebillettør Gunnar Rivedal, stadfestar at passasjerane har vore slappe med billettkjøpet. For ein linerlefamilie har gjort eit økonomisk varp ved å halde seg unna ferjebillettørane.
Familien har nemleg slått seg ned og bygd reir fem meter heilt opp under taket, fortel billettør Gunnar Rivedal.
Det er meir naturleg for linerler å finne seg ei trygg hamn på fastland. Arkivfoto
- Det er trygt, tørt og fint, og ingen kan komme til, seier han.
Glad i fuglane
Og familien har vore der lenge, for dei har vore på ferja både i år og i fjor. Ikkje berre mannskapet, men også passasjer Astrid Leirvåg, som reiser med ferja kvar veke, har gleda seg stort over selskapet.
- Ja, eg er glad i desse små fuglane, eg, seier ho.
Ingen ungar igjen
Men trass i at mannskapet har passa på ungane med faderleg omsut, døydde sistemann i går.
- Dei to første døydde tidlegare, den eine ramla på sjøen og den andre vart påkøyrd. Den siste døydde altså i går, den vart også påkøyrd, seier Rivedal.
Trur dei kjem tilbake
Både mannskapet og Leirvåg har likevel tru på at familien også i framtida vil bli verande.
- Ja, det er eg heilt sikkert på. Fuglen er slik at den byggjer reir på same stad, så då kjem sikkert erla tilbake, seier Leirvåg.