Hopp til innhold

Line flyttar heim, gir ut plate og ventar baby

Ho får terningkast seks for sitt debutalbum på norsk. På same tid flyttar Line Dybedal heim til Selje og ventar sitt første barn når som helst.

Line Dybedal på Seljesanden

FLYTTA HEIM: Line Dybedal har flytta heim til Selje og gir samstundes ut sitt debutalbum på dialekt.

Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Ho har tydeleg gjort noko rett, Line Dybedal frå Selje, når ho no gir ut debutplata si «Til kjærleiken.» For musikksjefen i NRKP1 er veldig begeistra og gir ho 6 av 6 moglege poeng.

– Har laga ny sjanger

Atle Bredal

TERNINGKAST 6: Musikksjef Atle Bredal gir Line Dybedal 6 av 6 poeng for sitt debutalbum, og seier ho har komme med ein ny musikksjanger, elektronisk vise.

Foto: Erlend Lånke Solbu/NRK

Dette er strålande. Når ho kjem med ein ny sjanger (elektronisk vise) fortener ho ein seksar. Vi har alt putta låta «Hjerteslag» på P1 sine spelelister, seier musikksjef i NRKP1, Atle Bredal, som har meldt plata for NRK.


Dagens Næringsliv sin platemeldar er også ein av dei som gir Dybedal skryt for sitt aller første album på norsk. Storslått elektropop på dialekt, skriv dei i avisa om plata.

Suksess med dialekt

Det har vore eit suksessfylt år for Line Dybedal med fire av fire singlar lista på nasjonal radio i 2015. Hennar siste singel «Et evig ønske» vart A-lista på NRK P1 basert på ein demoversjon. Ho prøvde seg på engelsk i fleire år, men det var fyrst då ho byrja å synge på den vakre nordfjorddialekten det verkeleg losna.

Vil la naturen inspirere

Line Dybedal

FLYTTA HEIM: Line Dybedal har flytta heim til Selje og gir samstundes ut sitt debutalbum på dialekt.

Foto: Pressefoto

Dei siste åra har Line Dybedal budd i Bergen og jobba som musikar der. Men samstundes som ho no gir ut sitt debutalbum på norsk, og ventar sitt første barn, flyttar ho heim att til Sogn og Fjordane og Selje.

Ein kan skrive musikk uansett kvar ein er i verda. Eg håpar og trur at nærleiken med fjella, dyra og havet vil gje meg mykje inspirasjon. Huset vi skal bu i har vore fylt med musikk gjennom 200 år, og når mannen har bygd studio i lada som står rett ved sidan av, så eg har tru på at dette skal bli rett så festleg, seier Line Dybedal.

(Artikkelen held fram under videoen)

Line Dybedal - Ei Tåre

EI TÅRE: Høyr Line Dybedal sin "Ei tåre" under Julelutt 2015 frå Hydro i Høyanger.

Personlege tekstar

Albumet «Til Kjærleiken» gav ho ut på bursdagen sin 12. februar. Det inneheld låtar ho har skrive i løpet av dei siste fem åra. Fleire av låtane er oversett frå engelsk til norsk, og handlar om nokre av utfordringane hennar desse åra.

– Nokre er personlege, nokre er kjærleiksviser medan andre handlar om det å omstille seg frå å vere bandmedlem til soloartist, fortel Dybedal.

Ho har nemleg bakgrunn som ein av medlemene i bandet «The Pink Robots» som vart kåra til Årets Urørt av NRKP3 i 2010. For Line var dette både ein fantastisk med også krevjande periode.