NRK Meny
Normal

Ligg på sjukehus med malaria

Ahyee Aye Elvis er ikkje på plass på Sogndal si første fellestrening etter vinterdvalen.

Ahyee Aye Elvis

ER SJUK: Ahyee Aye Elvis mister starten av sesongoppkøyringa med Sogndal, ettersom han litt på sjukehus med malaria heime i Elfenbeinskysten.

Foto: Rune Fossum

- Han fekk malaria for ei veke sidan, og har vore på sjukehus sidan, seier sportsleg leiar Trond Fylling til Sogn Avis.

- Det er ikkje alvorleg, men det er uheldig for han då han ikkje vil få trent på nokre veker, seier Fylling.

Det er ifølgje avisa uklart når Elvis vil vere frisk nok til å komme seg frå Elfenbeinskysten og tilbake til Sogndal for å slutte seg til treningane med den nyopprykte eliteserieklubben.

LES OGSÅ:

Leiinga i Sogndal har dessutan vore uroleg for om Elvis saman med klubbkamerat Barry Kader skulle klare å komme seg ut av landet, ettersom det vestafrikanske landet er på randen av borgarkrig. Kader er no venta på plass i løpet av onsdagen.

Barry Kader

ER PÅ VEG: Barry Kader kjem truleg til Sogndal på onsdag.

Foto: Rune Fossum / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.