Hopp til innhold

Ligg høgt på «Budsjett-tabellen»

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Om du fortvilar over Sogndal sin poengfangst så langt denne sesongen, kan denne tabellen vere ei trøyst...

Egil B. Mundal på Fosshaugane
Foto: Arve Uglum / NRK

Sogndal ligg på ein fjerdeplass «Budsjett-tabellen» som NRK.no har rekna ut:

Sogningane står med fem poeng etter serieopninga, noko som svarar til 4,8 millionar kroner per poeng. Berre Sarpsborg, Strømsgodset og Fredrikstad er betre.

– Utgangspunktet vårt har alltid vore at vi må vere meir effektive enn dei andre, for at vi skal kunne konkurrere med dei som er større, seier dagleg leiar Egil B. Mundal til NRK.no.

– Er aldri nøgd med å vere sist

Sogndal har for inneverande sesong eit budsjett på mellom 25 og 26 millionar kroner. Samanlikna med andre lag i eliteserien er dette desidert minst - saman med Sarpsborg.

For Sogndal sin del har det så langt i sesongen enda med ein jumboplassering.

– Vi vil aldri vere nøgde med å liggje sist på ein tabell. Ambisjonane er større enn det. Samstundes har vi ikkje vore heldige med utteljinga, seier Mundal.

Følg kampen på NRK.no

Rosenborg kjem desidert dårlegast ut på tabellen, der det kjem fram at dei så langt har brukt 29 millionar kroner per poeng.

Også Viking og Vålerenga kjem ut med store utgifter per poeng.

Sogndal møter torsdag kveld Lillestrøm på heimebane, og Mundal har godt håp om å halde fram poengfangsten.

Her kan du følgje kampen live

– Det gjorde godt med ein trepoengar mot Stabæk. Eg håpar på ein ny siger i dag, seier den daglege leiaren.