Hopp til innhold

Olje- og energiministeren vil heller ha store og få vasskraftverk enn mange små

– Det er betre med få store kraftverk enn tusen små, meiner olje- og energiminister Tord Lien. Innan 2020 kan Sogn og Fjordane få 200 nye småkraftverk.

olje og energiminister Tord Lien besøker Trysil.

STØRRE ER BRA: – Olje- og energiminister Tord Lien vil heller ha få og store vasskraftverk, enn mange små.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Olje- og Energiminister Tord Lien vil ha store vasskraftverk i staden for mange små. Dei neste fem åra ventar 1000 vasskraftutbyggingar i Noreg, 200 av dei kan kome i Sogn og Fjordane.

Vil endra konsesjonspolitikken

– Det er meir føreseieleg og meir miljøvenleg med store kraftverk, seier Lien.

No vil han gjera noko med konsesjonspolitikken.

– Me veit at regulerbar vasskraft både har større klimaverdi, større økonomisk verdi og betyr meir for integriteten og kor solid det er, seier Lien.

– Ikkje vore bra nok dei siste åra

NRK Sogn og Fjordane har den siste veka sett søkelyset på kraftproduksjonen i Norge. Det er venta 1000 nye vasskraftverk i Noreg dei neste åra, nesten alle er små.

Fordelen med å ha store kraftverk er at dei kan produsere like mykje heile året fordi det er demt opp ein innsjø i forkant av kraftverket. Småkraftverk produserer straum i realiteten to gonger i året, om våren når snøen smeltar og om hausten når det er mykje nedbør.

– Eg trur det er heilt rett at me i større grad må ta omsyn til større kraftproduksjon i framtida enn tilfelle har vore dei siste åra, slik det har vore under den raudgrøne regjeringa, seier Lien.

– Må prioritera større anlegg

Terje Aasland, nestleiar i energi- og miljøkomiteen på stortinget frå Arbeidarpartiet er nøgd med slik det er i dag.

– Me ønskjer at ein skal fremja småkraftverk i Norge, me meiner det er god utnytting av dei ressursane me har disponibel.

Men olje- og energiministeren er ikkje samd og vil gjera endringar.

– Det handlar blant anna om at me i større grad må prioritera å gi konsesjon til stor regulerbar vasskraft.