Hopp til innhold

«Det er ei håplaus oppgåve»

Dei neste fem åra er det planlagt 1000 vasskraftverk i Noreg. Grunnen er at me skal hjelpe EU med å bli mindre avhengig av fossil energi. – Det er ei håplaus oppgåve, meiner naturvernar.

Eriksdal kraftverk og Erik Solheim

HÅPLAUST: Det er håplaus oppgåve at Noreg skal redde Europa, seier tidlegare leiar i Naturvernforbundet, Erik Solheim, om planane om å byggje 1000 småkraftverk innan 2020. Dette biletet er frå Eiriksdal kraftverk.

Foto: Montasje / NRK

Noreg har saman med Sverige forplikta seg til å auke produksjonen av fornybar energi med 26 Terrawatt-timar innan 2020. For Noreg kan det bety 1000 nye småkraftverk, 200 av dei i Sogn og Fjordane.

Naturvernarane vil ikkje øydelegge norsk natur for å forsyne EU med grøn energi.

– Den naturen me har i Sogn og Fjordane er heilt spesiell, heilt unik, både klimaet og geologien, seier Marino Ask, leiar i Sogn og Fjordane turlag.

– Ei håplaus oppgåve

Marino Ask

VERDI: Naturen har langt større verdi enn det litle vi klarar å levere til EU, meiner Marino Ask, leiar i Sogn og Fjordane turlag.

Foto: Marino Ask

Ask meiner at naturen må gå prioriterast.

– Det å ta vare på dei naturkvalitetane me har her er ein langt større verdi både for Europa og for oss som bur her enn dei få Terrawatt-timane me klarar å levere.

Auken i produksjonen i det norsk-svenske samarbeidet for å forsyne EU med grøn energi vil utgjere 1 promille av EU sitt forbruk, og den planlagde auken i Noreg ein halv promille.

– Uansett skal den straumen transporterast over lange avstandar, og vi veit og at det vil medføre betydeleg meir linjebygging med dei miljøulempene det har. Men ikkje minst det tapet ein får ved å transportere straum over så store avstandar, seier Ask.

Og han får støtte frå æresmedlem og tidlegare leiar i Naturvernforbundet Erik Solheim.

– Nei, at vi skal redde Europa eller deler av Europa, er ei håplaus oppgåve, seier han.

– Kva om alle hadde tenkt slik?

Olje- og energiminister Tord Lien meiner det er klart at Noreg må hjelpe EU.

– Kva visst alle landa i Europa hadde tenkt slik at «nei, vårt litle bidrag til auka fornybar produksjon i den europeiske kraftmiksen betyr veldig lite, difor treng ikkje vi å gjere noko, vi vil overlate til alle dei andre å gjere noko»?

Ministeren svarar på sitt eige spørsmål.

– Då hadde ein enda opp med at ingen kjem til å gjere noko.