Hopp til innhold

Lever ut cowboydraumen på Breim

BREIM (NRK): – Er ein bygdis på countryfestival så skal ein «look the part» også. Det tykkjer vi berre er gøy, seier Andreas Viker.

Emil Skaare Sætre (t.v) (21) og Andreas Viker (20) frå Ørsta.

COWBOY PÅ FEST: Emil Skaare Sætre og Andres Viker har tatt turen frå Ørsta til countryfestivalen på Breim.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Han og kompisen Emil Skaare Sætre glir lett inn i mengda av festivalkledde countryelskarar på Breim denne helga.

– Eg går som regel slik. Det er ikkje alltid at eg har cowboyhatt då, men eg ofte i boots, dongeribukse og rutete skjorte. Det er det eg har mest av, seier Sætre.

– Cowboyhatten er ein festivalting. Dette er kvardagskleda mine det. Ja, ikkje buksa då, men eg går vanlegvis i skjorte, skyt Viker inn frå sida.

– Som å kome heim

For denne helga raslar det i frynser og klirrar i sporar nærast kvar du snur deg på Breim.

– Eg føler det som om eg kjem heim. Her er det mange som går rundt i slike klede, men det er no slik eg går heime også, seier Sætre.

– Men er det mange som kler seg opp litt ekstra medan dei er her?

– Ja, spesielt når dei sel klede her også. Då er det mange som kjøper og brukar dei medan dei er her, seier Sætre.

Bjørn Gillow

KLEDD FOR DET MESTE: Bjørn Gillow frå Balestrand nyt livet på countryfestival.

Foto: Bendedikte Grov / NRK

Lever cowboydraumen

I ei campingvogn i fargane til eit ikkje ukjent traktormerke, og med det klingande namnet «John Beer» er Bjørn Gillow frå Balestrand i ferd med å feste sporane på cowboybootsene.

– Sporar brukar ein til å få fart på hesten, men her på countryfestivalen kan vi vel berre bruke dei som pizzajul når vi skal kutte opp «grandisen», ler han.

Når ein først er på countryfestival er antrekket viktig, meiner Gillow.

– Det er halve showet. Resten av året sosar vi rundt i cowboydraumen om å sitte på ein fjording og ete bacon og bønner.

Sjølv overlet han ingenting til tilfella. Han har cowboyhatt, rutete skjorte, og sist men ikkje minst svarte skinnchaps utanpå buksa.

– Ridechaps er fantastisk viktig her på Breim. Det forhindrar øl-søl på Levis-buksa, og ikkje får du grønske på knea heller, seier Gillow.

Kari Ann Sleire (47) frå Vadheim

WESTERN HEILE ÅRET: Kari Ann Sleire frå Vadheim.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Både kjøpt og sjølvlaga

Med 17–18 festivalar bak seg er 47 år gamle Kari Ann Sleire frå Vadheim for ein av veteranane å rekne på Breim.

– Eg er slik heile året. Det er ikkje noko som eg gjer berre éin gong i året. Skal eg noko, og pyntar meg, så er det countryinspirert. Det er det same også heime i huset mitt, seier Kari Ann Sleire frå Vadheim.

For anledninga er ho kledd i eit svart og rosa kostyme, med eit ganske tydleg westerntema.

– I linedansegruppa som eg er med i har vi valt å gå for raudt og svart. Noko er kjøpt og noko er sjølvlaga. Det gjeld det å finne noko som kan vere litt kult, seier Sleire.

Roy Isaksen og Øyvind Overgaard frå Alta

LANGVEGS FRÅ: Roy Isaksen og Øyvind Overgaard frå Ata meiner cowboystilen eignar seg både til kvardags og fest.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Cowboyar frå nord

På festivalen er det også dei som har reist langt for å få den med seg. Kameratane Roy Isaksen og Øyvind Overgaard kjem heilt frå Alta og er heilfrelste på westernstilen.

– Det er ein fantastisk klestil, og eg tykkjer det ser fint ut når folk går med skjorte og dongeri, seier Isaksen.

Småflirande hevdar han å ha henta inspirasjon frå westernserien Bonanza på tv. Både han og kameraten Øyvind Overgaard er kledde i rutete skjorter, dongeri og cowboyhattar.

Eg går ofte slik til vanleg. Ikkje så mykje med hatt kanskje, han er ikkje heilt sosialt akseptert, ler Overgaard.