Hopp til innhold

Lettare skadd etter utforkøyring

Tre personar vart lettare skadd då ein bil køyrde utfor vegen og hamna på taket på E 39 like nord for Skei i Jølster søndag kveld.

Det skal ha vore to vaksne og eitt barn i bilen. Alle tre vart sendt med ambulanse til Førde sentralsjukehus etter ulukka.

Det er ikkje mistanke om promillekøyring.

Politiet fekk melding om ulukka like før klokka 22.