Helge Lothe seier også det fort kunne gått svært gale då ein dynamittkubbe sprengde hol i skroget, og begge ombord måtte hoppe på sjøen.
Dei vart redda på land etter kort tid.
No er Lothe innstilt på å vere båtlaus i alle fall til forsikringsselskapet har behandla saka.
Politiavhøyr
Dei to som var involverte i nestenulukka på Raudeberg under dynamittsalutten i går, måtte i dag inn til avhøyr hos politiet. Det seier lensmann i Vågsøy, Reinhardt Sørgård, som er usikker på om bruken av dynamitt var lovleg.
Lensmann Sørgård seier dei hadde englevakt som kom ifrå det med livet i behald.
Sjå "To i sjøen etter 17. mai-salutt".