Mannen som var på ferie i Loen, vart meld sakna laurdag kveld. I alt 20 personar frå Røde Kors og tre ekvipasjar frå Norske Redningshunder var med i leitinga. Fyrst søndag morgon, då eit helikopter vart sett inn i søket, fann dei mannen. Han vart frakta til Nordfjord sjukehus med ein skadd skulder.
Leiteaksjon i Loen
Store leitemannskap leita natt til søndag etter ein tysk mann i byrjinga av sekstiåra etter at han ikkje kom attende frå ein fjelltur.
Publisert
Artikkelen er flere år gammel.
Publisert