Hopp til innhold

Leiteaksjon etter sakna turgåar i Viksdalen

Det vart tidlegare i dag sett i gong ein leiteaksjon etter ei kvinne i 20-åra som vart meldt sakna i Viksdalen i Sunnfjord. Kvinna er no komme til rette.

SAKNA: Det var i dette området kvinna heldt til då ho vart meldt sakna.

Kvinna skal ha vore ein del av eit tysk reisefølgje som antok at ho la ut på tur åleine, tidleg på morgonen. Då reisefølgjet ikkje høyrde frå ho på nokre timar, melde dei ho sakna.

Vurderte luftassistanse

Det var mannskap frå Røde Kors og Norske Redningshunder som deltok i aksjonen. Lars Røyne ved hovudredningssentralen kunne tidlegare fortelje at dei vurderte å sende luftassistanse til leitinga.

– Så fort nokon er tilgjengeleg så er det godt mogleg me kjem til å sende nokon inn, sa han då.

Leiteaksjonen avblåst

Ikkje lenge etter dette, kom den sakna kvinna til rette. Ifølgje Røynde frå Redningssentralen skal ho ha blitt observert haikande bort frå staden ho forlét, tidlegare i dag.

Kvinna hadde ikkje lagt ut på tur, som først antatt. Ho skal vere i god behald.