Hopp til innhold

Legg ned nærsjukehuset i Florø

Nærsjukehuset i Florø blir lagt ned. Helse Førde har fått klarsignal frå eigaren.

Nærsjukehuset i Florø
Foto: NRK

Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad.
Foto: Cosmin Cosma / NRK

- Med dei store innsparingskrava frå eigar, kom vi ikkje utanom å leggje ned nærsjukehuset i Florø, fortel styreleiar Clara Øberg i Helse Førde.

20 millionar kroner i året vil Helse Førde spare på ei nedlegging av nærsjukehuset i si noverande form. I tillegg kjem inntekter frå salet av dei gamle sjukehusbygningane.

Departementet sa ja

Helse Førde går mot eit underskot på nærare 90 millionar kroner i år, og innsparingskravet frå Helse Vest har vore på 50 millionar kroner innan utgangen av året.

Situasjonen for Helse Førde er med andre ord ytterest dramatisk. Det var dette, etter det NRK kjenner til, som fekk styreleiar Øberg til å ta kontakt med eigaren i torsdag kveld. Der fekk ho dei forsikringane ho hadde håpa på, men kanskje ikkje drøymt om: Helse- og omsorgsdepartementet forstår alvoret i den økonomiske situasjonen i Helse Vest og godtek difor at nærsjukehuset i Florø blir lagt ned.

Sel bygningane

- Styret kjem no til å be administrasjonen starte ei sak der målet er å leggje ned sengeposten i Florø, selje bygningsmassen og leige igjen lokale til å drive poliklinikk.

Nærsjukehuset i Florø har 12 sengepostar som no vil forsvinne. Men den polikliniske verksemda vil halde fram i nye lokale.