Hopp til innhold

Legg ikkje ned flyplassar

– Ingen lufthamner blir førslått lagt ned dei fire neste åra. Det sa strategidirektør Jon Sjølander då han i dag la fram Avinor si tilråding for den framtidige flyplasstrukturen.

Widerøe på Førde lufthamn Bringeland

BEHELD ALLE FLYPLASSANE: Ingen flyplassar i Sogn og Fjordane er føreslått lagt ned den neste fireårsperioden.

Foto: Kjell Arvid Stølen (MMS-foto) / NRK

– Vi har bestemt oss for å behalde og å effektivisere alle dei 29 lufthamnene vi har i Norge i dag, seier Sjølander.

Avinor har på oppdrag frå Samferdselsdepartementet gått gjennom dei lokale lufthamnene (kortbanenettet). 17 lokale lufthamner er omfatta i analysen, som blir ein del av grunnlaget for Nasjonal Transportplan (NTP) 2018–2027.

Lufthamnene i Nordland og Fagernes lufthavn er ikkje vurderte i denne prosessen, då analysar og vurderingar er sett i gang gjennom tidlegare NTP-prosessar og særskilde politiske vedtak.

Jon Sjølander, Konserndirektør strategi Avinor

LEGG IKKJE NED FLYPLASSAR: Jon Sjølander er strategidirektør i Avinor.

Foto: Avinor

Avinor vil redusere kostnadene med 100–150 millionar kroner dei neste fire åra, men vil heller effektivisere drifta enn å leggje ned lokale flyplassar.

Ikkje godt nok vegnett

– Vi har bestemt oss for å behalde flyplasstrukturen som i dag sidan regjeringa har vore tydleg på at vi må halde oppe transportstandarden, og at vegutbygginga ikkje har kome så langt at det er andre gode løysingar, seier Dag Falk- Pettersen, som er konsernsjef i Avinor.

Freder flyplassene i fire år

I Sogn og Fjordane har det vore knytt stor spaning til kva Avinor kom til å seie i forhold til Sandane lufthamn Anda og Førde lufthamn Bringeland.

– Eg vil tru at for dei som bur i Sogn og Fjordane så betyr det mykje at vi held oppe drifta på alle flyplassane. Det blir krevjande for oss som skal redusere kostnader, men for dei som brukar flyplassane vil eg seie dette er ein god bodskap, seier Falk-Pettersen.

Konsernsjef Dag Falk-Petersen (t.h.) og strategidirektør Jon Sjølander

OPPRETTHELD ALLE FLYPLASSANE: Konsernsjef Dag Falk-Petersen (t.h.) og strategidirektør Jon Sjølander.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

I faresonen om fire år

– Fleire Lufthamner er kandidatar for særskilde omstillingsvedtak. Anten fordi dei tek imot svært høg statleg støtte, eller at ein i regionane ikkje vil oppleve stor svekking av transportstandarden ved ei eventuell nedlegging, skriv Avinor i ei pressmelding

Sandane og Vardø lufthamner er nemnt spesielt som lufthamner som har eit høgt statleg tilskot i forhold til passasjerulempene ved nedlegging.

– Lufthamnene må omstillast i takt med høve til samfunnsutviklinga og behovet for effektivisering slik at lufthavmanene si rolle kan styrkast og vidare drift kan forsvarast. Særlig viktig er utviklinga i busetting, næringsliv og vegstandard, forklarer Sjølander.

Innstillinga frå Avinor betyr at alle flyplassar i fylket er freda fram til 2019, då skal Avinor gjere nye vurderingar.