Hopp til innhold

Legg bort den sportslege leiaren

Sogndal skal ikkje lenger ha sportsleg leiar. Frå kommande sesong skal Trond Fylling intensivere jakta på nye spelarar.

Trond Fylling på benken

ENDRINGAR: Medan Harald Aabrekk (t.v.) sluttar som trenar, blir Trond Fylling frå neste sesong å finne i Oslo. Der skal han jakte nye spelarar for klubben.

Foto: Simon Solheim / NRK

Dei strukturelle endringane i det sportslege apparatet i Sogndal betyr at rolla som sportsleg leiar blir borte, skriv Sogn Avis.

Trond Fylling har tidlegare hatt denne jobben. Han skal frå neste sesong jobbe for klubben med base i Oslo.

– Vi ser behovet for å styrkje arbeidet med spelarkartlegging og talentspeiding. Der andre klubbar har fire millionar, har vi éin million. Difor er det lurt av oss å bruke ressursar på dette, seier dagleg leiar Egil Mundal til Sogn Avis.

Endringane betyr samstundes at assistentane Terje Skjeldestad og Håvard Flo tek over fleire av arbeidsoppgåvene som til no har lege under den sportslege leiaren.

– Dei vil få oppgåver inn mot spelaroppfølging i eigen tropp, samt kartlegging av spelarar i Sogn og Fjordane, seier Mundal til avisa.