NRK Meny
Normal

Legen sin takk til alle hjelparane tok av på Facebook

MÅLØY (NRK): Etter ei søvnlaus vakt i romjula, sette legen ord på kor takksam han er for alle hjelparane i helsevesenet. Responsen lot ikkje vente på seg.

Lege Frode Smelror Hestdal

BLEI DELT: Fastlege i Vågsøy, Frode Smelror Hestdal, valde å leggje tankane sine ut ope på Facebook.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

NRK treff fastlegen og legevaktlegen Frode Smelror Hestdal på kontoret i Måløy. Eit par veker har gått sidan han sette seg ned og skreiv ut tankane sine på Facebook. Der hylla han alle dei som trengs for å gje ein pasient naudsynt hjelp.

– Vi legar er ein liten bit i eit stort puslespel, for sjølv om dette var ei travel vakt, så gjekk det veldig greitt. Dette fungerte fordi det var mange som gjorde sin jobb bra, seier legen og smiler.

Glad for merksemda

Nær 900 har delt den lange statusen til Hestdal, og kommentarane har strøyma på om kor bra det er at ein lege takkar alle dei gode hjelparane; frå politi til heimesjukepleie.

– Eg hadde ikkje forventa at det skulle vere interessant for mange å lese dette.Det er kanskje litt uvanleg at ein ser slikt. Det er mange som gjer ein viktig jobb rundt oss legar, og mange er veldig usynlege. Det er litt ok at folk legg merke til det.

Etter ei travel vakt ,utan søvn, der eg som oftast får æra og sjarmøretappen etter det fantastiske arbeidet som andre gjer, så synest eg vi alle skal sende ein varm tanke og takk til alle desse heltane. Sei det til dei neste gong du ser dei, om du veit kven dei er, det varmar godt i ein stressa og vanskeleg situasjon der dei hjelper oss

Lege Frode Smelror Hestdal

– Fortener like stor takk

Då han sette seg ned og skreiv på Facebook, var det med tankar for at legane er heilt avhengige av at alle i kjeden frå sjukdom eller skade til ringt inn, til pasienten har fått den naudsynte hjelpa.

– Når det går bra med pasienten, som det som oftast gjer, så er folk veldig glade for at legen kan kome og seie frå. Det er gjerne vi som får takken i handa og «Du er så flink doktor.» Det kan godt hende at vi er flinke, og at vi gjer ein god jobb. Men alle som har fått pasienten fram til meg har gjort ein minst like god jobb, og fortener minst like stor takk.

– Vi får sjarmøretappen

Som lege i eit stort geografisk distrikt, veit Frode Smelror Hestdal godt kor viktig det er med alle dei som møter pasientane lenge før han som lege.

– For at vi skal tilby god hjelp, så er det ei lang kjede som må fungere. Så lenge vi alle er klar over at vi alle er små bitar i eit system, så får vi dette til å fungere. Vi som legar får gjerne sjarmøretappen. Det er slik at dei andre har gjort mykje av arbeidet.

Her kan du lese statusen til legen:

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.