Hopp til innhold

Måtte overtale lege til å bli tatt på alvor – hadde brystkreft

Ein lege som tidlegare i sommar mista autorisasjonen for uhøvisk framferd, unnlét å sende ei kvinne til mammografi med ein gong.

Legen har ikkje undersøkt ei kvinne med brystkreft godt nok. Først etter tre månader vart kvinna tilvist til mammografi, og då vart det oppdaga brystkreft.

– Det ville vore naturleg å tilvist pasienten raskt vidare. Der har Statens helsetilsyn og vi gått igjennom hendingsgangen, og finn at det er mykje å setje fingeren på når det gjeld korleis legen handterte situasjonen.

Det seier fylkeslege Per Steinar Stensland.

Det var i 2013 at kvinna gjekk til lege ved eit legekontor i Sogn og Fjordane. Ho fortalde om endringar i det eine brystet. Statens helsetilsyn meiner kvinna ikkje vart godt nok undersøkt.

Mista autorisasjonen i sommar

– Her var det fleire forhold som var kritikkverdige. Konklusjonen blir at oppfølging og behandling av pasienten avveik betydeleg frå det vi kan kalle god praksis, seier Stensland.

Fylkeslege Per Steinar Stensland

KRITISK: Fylkeslege Per Stensland seier legen gjorde fleire feil i saka.

Foto: Arne Stubhaug / Arne Stubhaug, NRK Sogn og Fjord

Legen som får krass kritikk i saka er den same legen som tidlegare i sommar mista autorisasjonen, grunna grov mangel på fagleg innsikt og upassande og seksualisert kontakt med mindreårige personar.

Dagleg leiar i norsk brystkreftforeining, Beate Christine Wang, seier forseinka behandling av brystkreft kan få fatale konsekvensar.

– Det er ikkje haldbart når ein lege ikkje tek deg på alvor. Her snakkar vi om ein situasjon som kan gjelde liv og daud. Når man sjølv oppdagar ein kul kan den vere så stor at ein ikkje overlever. Då har den utvikla seg ganske mykje.

Dette kan i verste fall vere livstrugande?

– Det kan helt klart vere livstrugande. Det er veldig mange kvinner som blir tatt på alvor, og reddar livet grunna det. Men mange opplev at dei ikkje blir tekne seriøst. Det er vanskeleg å generalisere. Men det er heilt klart historier på eit endå seinare stadium kor ein ikkje blir trudd, som gjer det komplisert.

Gjorde fleire feil

– Pasienten, som hadde symptom frå bryst i ein alder der kreft ikkje er usannsynleg, måtte nærast overtale legen til å tilvise ho. I tillegg sende legen tilvising til feil avdeling, og blei gjort oppmerksam på det frå sjukehuset utan å korrigere det. Totalt gjekk omlag tre månader tapt, seier fylkeslege Stensland.

Det viste seg at kvinna hadde brystkreft, men Stensland vil ikkje spekulere i om saka kunne enda med eit fatalt utfall.

– Det skal eg ikkje uttale meg om. Men det er klart at pasientar som kjem med symptom som kan relaterast til kreft, skal sleppe å måtte overtale legen til å bli tatt alvorleg.

Legen sin forsvarar fortel at legen ikkje vil klage på vedtaket. Han ønskjer å sette sluttstrek for saka for å komme seg vidare.