Hopp til innhold

Lege krev tre millionar

Helse Førde meiner ein tidlegare lege ved Førde Sentralsjukehus stakk unna forskingsmidlar, og gav legen sparken. No krev legen opp til tre millionar kroner i erstatning for ugyldig oppseiing.

Førde sentralsjukehus
Foto: NRK

Helse Førde meiner pengane legen fekk frå eit legemiddelfirma for å drive forsking på deira produkt tilhøyrer Førde Sentralsjukehus, men det er ikkje legen samd i.

I staden vart pengane sette inn på ein forskingskonto som tilhøyrer eit firma i Bergen.

Vart oppsagt

Etter det NRK forstår er legen ikkje mistenkt for å ha forsøkt å stikke unna pengar til privat forbruk. Konflikten mellom legen og sjukehuset vart likevel så omfattande at legen vart oppsagt i juli i fjor.

No er det sett av ei veke i Fjordane tingrett til den doble rettsaka. Legen krev opp til tre millionar kroner for ugyldig oppseiing - men vil ikkje ha att jobben sin.

Helse Førde krev at pengane legen fekk frå legemiddelfirmaet blir utbetalt til dei. Det er førebels uklart kor stort kravet frå Helse Førde vil bli.

Forvirring

Det har tidlegare vore knytt forvirring rundt korleis legane på sentralsjukehuset skal innrette kontakt og oppdrag dei har for legemiddelindustrien. Dette gjeld både deltakting på kurs og konferansar og forskingsoppdrag.

Saka blir rekna for å vera juridisk komplisert, og ingen av partane ynskjer å uttale seg før saka kjem opp for retten 6. juni.