Lege granska etter endetarmsundersø

Fire pasientar har klaga på jølsterlegen Jan Mikael Nordfors si behandling av såkalla falsk isjias. Behandlinga er kontroversiell fordi legen undersøker ein muskel via endetarmen.

Av:

Frode Søreide

/

Lars Petter Degnepoll

Sjølv seier Nordfors at har stor tru på behandlingsmetoden og at han er forundra over klagene. Han seier han har hatt pasientar som bokstavleg talt har kasta krykkene etter å ha fått denne spesielle behandlinga.

Jan Mikael Nordfors
Foto: NRK

Uvanleg metode

Diagnosen pasientane har fått er piriformis syndrom. Dette er ein muskel som gir isjas-smerter. Behandlinga legen har nytta er å ta seg inn i endetarmen på pasientane og massere denne muskelen, noko som er ein heller uvanleg metode og diagnose, seier Petter Øgar.

Pasientane ikkje spurde

I alt fire klager har Helsetilsynet i Sogn og Fjordane motteke på mannen som er fastlege i Sogn og Fjordane. Og spesielt alvorleg er det at pasientane ikkje er førespurt om dei vil ha denne behandlinga.

Helsetilsynet er altså no i gang med å granske behandlinga legen gir.

Lyd og video