Hopp til innhold

Lastebil reiste med internett og mobildekning

I går skjedde det innbyggjarane i Mørkridsdalen i Luster har frykta sidan flaumen i oktober.

Mørkridsdalen

FRÅ FLAUMEN: Flaumen gjorde betydelege skadar i dalføra i Luster. Siste døgnet fekk bebuarane i Mørkridsdalen ei ny utfordring.

Foto: TORJE BJELLAAS / NRK

Etter flaumen varsla dei Telenor om at telelinja hang for lågt over vegbana inn i Mørkridsdalen.

I går tok ein lastebil oppi, og tok med seg linja, internett og mobildekninga til 10–12 innbyggjarar i dalen.

– Det vart ein stille dag og kveld i går, og ein stille dag i dag. Forferdeleg å oppleve førjulstida slik som dette, fortalde ein misnøgd Øyvind Listou til NRK.

Øyvind Listou

MISNØGD: Øyvind Listou er lite nøgd med at telelinja heng så lågt over vegbana at høge bilar kan ta både internett og mobildekninga i Mørkridsdalen.

Foto: Privat

Noko seinare kom fire reparatørar på plass, og like over klokka 15 i dag kunne innbyggjarane i dalen igjen surfe på internett og ringe med mobiltelefonen.

– Men kabelen har ikkje kome noko høgare over havet etter reparasjonen. Kjem det ein like høg bil igjen, så blir kabelen riven ned att, seier Listou.

Fleire kablar kryssar vegen på det aktuelle punktet. Listou meiner linja anten må opp i høgda, eller gravast ned i bakken.

– Telenor fekk beskjed for fleire år sidan og ingenting skjedde. Spesielt no etter flaumen har det vore mykje meir trafikk med lastebilar, seier han og meiner at innbyggjarane i dalen har hatt nok å stri med etter flaumen om dei ikkje skal måtte slite med teknologien også.

Flaumen gjorde stor skade på både mark og vegnettet i dalen.

Kommunikasjonssjef Anders Krokan i Telenor stadfestar at dei i går fekk melding om feil til Mørkridsdalen. Han lova også at feilen skulle bli retta i løpet av dagen i dag – noko den vart.

– Vi har tidlegare fått varsel om kabel som heng lågt, men har diverre ikkje fått gjort den nødvendige utbetringa. Telenor beklagar dette, seier han.