Hopp til innhold

Jan Norvald (56) må stå opp kvar natt på grunn av Telenor-feil

FORTUNSDALEN (NRK): I snart fem veker har Jan Norvald Steig stått opp kvar natt for å sjekka mjølkeroboten sin. Årsaka er at Telenor ikkje har fått ordna telefonlinja etter flaumen.

Jan Norvald Steig, bonde i Fortunsdalen i Luster.

LANGE NETTER: Jan Norvald Steig er rasande på Telenor som framleis ikkje har fått utbetra feilen på fasttelefonnettet i Fortunsdalen i Luster. Ei av kyrne hans vart ståande fast i mjølkeroboten ei heil natt på grunn av feilen.

Foto: Elise Kvien / NRK

– Eg er forferdeleg misfornøgd med Telenor, seier mjølkebonde Jan Norvald Steig.

Den 14. oktober vart Luster, Lom og Skjåk hardt råka av flaum. Øydeleggingane vart enorme og inst i Fortunsdalen ligg garden til Steig. Han hadde over 300 dekar med dyrka mark og over halvparten vart vaska vekk av vassmassane. Også fasttelefonnettet forsvann.

Det har skapt store utfordringar for Steig.

Stod fast i åtte timar

På garden har han om lag 110 storfe og 45 av dei er mjølkekyr. Mjølkinga skjer med mjølkerobot, men utan fasttelefonlinje har det blitt utfordrande.

– Alarmsystemet til mjølkeroboten er kopla på fasttelefonlinja. Eg har gitt beskjed til Telenor om det, men det har gått fem veker og det verkar som om dei ikkje bryr seg, seier Steig.

Nokre dagar etter flaumen skjedde det ein feil med mjølkeroboten. Den stoppa og ei av kyrne vart ståande fast gjennom heile natta.

– Vanlegvis ville eg fått ein alarm om at den hadde stoppa slik at eg kunne gått ut og fiksa det. Det får eg ikkje no, og sidan telefonlinja framleis ikkje er ordna har eg stått opp kvar natt for å sjekka at alt er i orden. Eg er både frustrert og irritert, seier han.

Ein mjølkerobot fungerer slik at kyrne sjølv vel når dei vil bli mjølka. Dei går inn i maskina, blir mjølka og når dei er ferdig går dei vidare.

Flaumskadar i Fortunsdalen i Luster, fem veker etter flaumen

STORE SKADAR: Flaumen i Fortunsdalen laga nye elveløp, tok med seg rundballar og gjorde store skadar på dyrka mark.

Foto: Elise Kvien / NRK

Vanskeleg situasjon

Informasjonssjef i Telenor, Magnus Line, beklagar at det har tatt så lang tid å utbetra feilen.

– Eg forstår at det har vore ein uhaldbar situasjon for han. Grunnen til at det har tatt så lang tid er at det er store skadar på både utstyr og terrenget. Det har gjort rettingsarbeidet veldig vanskeleg, seier han.

I går var entreprenøren opp og ordna linja, men det viste seg at den framleis ikkje fungerer.

– Vi håpar å få utbetra feilen relativt kjapt, seier Line.