Hopp til innhold

Det vil koste minst 75 millionar å fikse vegane etter flaumen

Oktoberflaumen som herja i Indre Sogn og Gudbrandsdalen førte til mange øydelagde vegar. Prisen for å fikse vegane blir minst 75 millionar kroner.

Mørkridsdalen

STORE SKADAR: Luster var den kommunen i Sogn og Fjordane som blei hardast råka av flaumen i midten av oktober. Her frå Mørkridsdalen.

Foto: TORJE BJELLAAS / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I Sogn og Fjordane blei Luster kommune særleg hardt råka av flaumen. Kring 30 personar blei evakuerte frå heimane sine, og vegar og dyrka mark blei rasert. Ein ny rapport frå Statens vegvesen anslår at det vil koste 60 millionar kroner berre å utbetre dei flaumskadde vegane i Sogn.

– Dette er svært førebelse tal, som vi no har levert til fylkeskommunen. Det endelege reknestykket blir kanskje annleis, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden.

I Gudbrandsdalen har ein førebels rekna seg fram til minst 15 millionar kroner i vegskadar.

Entreprenørkostnadene blir påført fylkeskommunen. I tillegg kjem byggherrekostnader som blir betalte av staten. Finden anslår at desse kan bli på nokre få millionar kroner.

Kan råke anna vedlikehald

Fylkesdirektør for samferdsle i Sogn og Fjordane Dina Lefdal, seier flaumkostnadene i utgangspunktet blir dekte inn på drift- og vedlikehaldsbudsjettet.

– Men når vi får så store ekstrakostnader grunna uføresette hendingar pleier vi å søke Kommunaldepartementet om midlar til å dekke i alle fall delar av kostnadene, seier ho.

Andreas Wiese på den øydelagde vegen

ØYDELEGGINGAR: Denne vegen i Mørkridsdalen fekk store skadar i flaumen.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Fylkeskommunen ventar på meir presise anslag før dei søkjer støtte frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Ved liknande hendingar har KMD dekt inn 40–50 prosent av kostnadene, noko Lefdal håpar dei vil gjere også no.

– Dei resterande midlane, som anslagsvis kan bli 30 millionar kroner, greier de per no å dekke det inn?

– Det har vi ikkje sett på i detalj enno. Vi må vurdere om det er mogleg å spare midlar andre stader på drift- og vedlikehaldsbudsjettet. Elles dreg vi med oss eit meirforbruk inn i 2019. Men det er litt tidleg å seie korleis dette vil slå ut.

– I verste fall, kan desse utgiftene gå utover drift og vedlikehald på andre vegar i fylket?

– Ja, viss vi ikkje greier å få dekt det inn på anna måte, så må vi gjere omprioriteringar på korleis vi bruker drifts- og vedlikehaldsmidlane våre.

Krevjande

Samferdsleavdelinga har også ein årleg budsjettpott på kring 15 millionar kroner til uføresette hendingar.

– Dersom der er igjen midlar igjen, går eg ut frå at dei går til delfinansiering, seier Lefdal.

Også Oppland blei hardt råka av flaumen. Her er reparasjonane på éin riksveg og åtte fylkesvegar rekna til 15 millionar kroner. I tillegg kjem reparasjonar på Marlo bru i Skjåk, der ein brupilar er øydelagt. Her veit ein førebels ikkje kor store kostnadene blir.

Marlo bru stengt

STENGT: Marlo bru i Skjåk blei stengt etter flaumen. Det er førebels ikkje klart kor mykje det vil koste å reparere brua.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Viss vi kan setje opp ein ny pilar, blir ikkje kostnadene så store. Må vi ha ny bru, er det snakk om store summar, seier seksjonsleiar i Statens vegvesen, Asbjørn Stensrud.

Verst i Mørkridsdalen

I Luster var det Fortunsdalen og Mørkridsdalen flaumen gjekk verst utover. Dei største skadane kom på fylkesveg 333 mellom Skjolden og Mørkrid, fortel Finden.

– Der er fleire parti kor vegen er heilt vekke, og har fått store utglidingar. Samtidig er det store delar der vegen har fått skade, så ein har måtta legge vegen om litt.

Nedst i Mørkridsdalen, ved Bolstad, må det byggjast opp heilt ny veg lengre vekk frå elva. Også fylkesveg 332 i Fortunsdalen og andre fylkesvegar har skadar.

– Kva er tidsperspektivet på dette arbeidet framover?

– Dette er arbeid vi prøver å få gjort relativt fort. Det er mellom anna avhengig av kor stor elva er og arbeidet NVE gjer i elva, seier Finden.

– NVE har fagkunnskapen om flaumfaren i desse elvane. Vi må støtte oss på råda deira.