Hopp til innhold

Klarte ikkje å rikke båten av flekken

Ikkje ein gong ei samla trekk-kraft på 250 tonn, fordelt på fem båtar, klarte å rikke MS "Conberria" av flekken.

Conberria

SIT GODT FAST: MS 'Conberria' har køyrt seg grundig fast, og let seg ikkje rikke, trass i trekk-kraft på 250 tonn.

Foto: NRK-tipsar

– Vi gjorde eit forsøk, men vi lukkast ikkje, nei, seier Leon Nesje i Stadt Sjøtransport.

Dei bidrog med båtane «Stadt Årdal» og «Stadt Sløvåg» som prøvde å få lastebåten av grunn medan det var flo torsdag.

I tillegg bidrog «Boa Heimdal», KV «Barentshav», samt at redningsskøyta «Halfdan Grieg» også låg i området.

Lastebåten grunnstøytte i 21.30-tida onsdag kveld, og har stått fast på grunna ved Stabben i Florø sidan. Til alt hell kom ingen til skade i grunnstøytinga.

Ville ikkje evakuere

Kapteinen på den 107 meter lange båten takka då nei til evakuering for mannskapet på 13 om bord. Kapteinen skal ha forklart til mannskapet på RS "Halfdan Grieg" at båten gjekk for full maskin då han gjekk på grunn.

Skipet var på veg frå Brevik til Spjelkavik då ulykka skjedde.

Ein hadde tru på at ein skulle klare å dra havaristen av då det var flo sjø på ettermiddagen torsdag, men det let seg altså ikkje gjere.

– Slike bergingsoperasjonar er det dessverre ingen malar på. Profesjonelle bergarar frå SMIT Salvage arbeidar no med ein bergingsplan, fortel Hans Terje Anonsen som representerer eigarane av skipet.

(Artikkelen held fram under videoen)

Sementskipet Conberria gjekk torsdag kveld på grunn ved Stabben utanfor Florø.

Conberria på grunn ved Stabben

Veit ikkje når dei gjer neste forsøk

Anonsen seier at det er uvisst når ein vil gjere nytt forsøk på å få skipet av grunnen, men at det ikkje vert gjort noko forsøk iløpet av natta. Han vil heller ikkje seie noko om det vert eit nytt forsøk i løpet av morgondagen.

Det er heller ikkje noko fare for forureining, kan Anonsen fortelje.

– Vi veit ikkje om alle skadar på skipet enno, men dykkarar har lokalisert nokre skadar eit stykke framme på skipet, fortel han.

Bergingsaksjon

KREVJANDE: Den over 100 meter lange lastebåten let seg ikkje flytte, trass i at store krefter var i sving.

Foto: NRK-tipsar