NRK Meny
Normal

Laks rømde etter brann i oppdrettsanlegg

Ein god del halvkilos laks rømde onsdag morgon etter at ein oppdrettsring byrja å brenne ved Firda Sjøfarmer i Gulen.

Brann hos Firda Sjøfarmer

RØMMING: Ein av Firda Sjøfarmer sine oppdrettsringar stod i full fyr då tilsette kom på jobb onsdag morgon.

Foto: Carl-Erik Arnesen

Brannen vart oppdaga då tilsette kom på jobb onsdag morgon. I merden stod det kring 190.000 fisk. Fiskeridirektoratet og politiet er på staden, og vil saman med selskapet prøve å finne brannårsaka.

Ein veit førebels ikkje kvifor brannen starta, eller kor mange fisk som rømde. Anlegget ligg på innsida av Byrknesøy, nord for Mjømna.

– Vi har reist ut og starta etterforsking, gjort avhøyr av folk i selskapet og siste melding er at leiinga i selskapet og Fiskeridirektoratet skal ut på anlegget, opplyser lensmann Ivar Holmås ved Masfjorden, Gulen og Solund lensmannskontor.

Aldri høyrt om liknande

Brann hos Firda Sjøfarmer

BRANN: Flammane har fått herje fritt gjennom natta på oppdrettsringen.

Foto: Carl-Erik Arnesen

Administrerande direktør ved Firda Sjøfarmer, Carl-Erik Arnesen, beklagar hendinga på det sterkaste.

Han legg til at dei dagleg jobbar for å unngå rømming, og seier at han aldri før, i si trettiårige karriere, har høyrt om tilsvarande.

– Det var full fyr då våre folk kom på jobb i dag. Då kollegaer vart ringt for assistanse, så trudde desse at det var 1. april. For dette har vi verken høyrt om eller sett før, seier han.

Vil ikkje spekulere

– Denne såg vi ikkje komme. Det er ikkje så veldig mykje brennbart på ei merd midt ute på fjorden, så det må ha vore ein gneiste eller noko som kan ha sett fyr på oppdrettsringen. Så har det brunne i heile natt, seier Arnesen og ikkje vil spekulere i brannårsaka.

Store styrkar med båtar og mannskap kom raskt til staden og fekk lina opp nota. Arnesen opplyser at det raskt vart sett i gang oppfisking av den rømde fisken.

Både verksemda og yrkesfiskarar i området medverka.

– Vi har fem yrkesfiskarar i gang, og det er mykje garn ute. Så langt har dei ikkje fått særskilt, seier Arnesen.

Stort økonomisk tap

Brann hos Firda Sjøfarmer

UVISST: Det er førebels uvisst kor mykje fisk som er borte frå oppdrettsanlegget i Gulen.

Foto: Carl-Erik Arnesen

Først når nota er tømt og attverande fisk er talde opp, vil ein få vite kor mange fisk som rømde.

Også Mattilsynet og Fylkesmannen si miljøavdeling er varsla om hendinga.

Arnesen seier hendinga påfører verksemda eit stort økonomisk tap. Fisken skulle slaktast og ut i marknaden om eitt års tid.

– Berre ringen har ein verdi av ein million kroner. Og om eitt års tid, så ville fisken hatt stor verdi. Ein kan gonge 800.000 kilo med 40 kroner kiloen. Då får ein eit ganske betydeleg beløp, seier han.

Stort tap i 2012

– Kva gjer de vidare no?

– Vi har sikra nota og hatt dykkarar nede som har forsikra at den er i orden, slik at fisken blir flytta over i ny ring i løpet av eitt par dagar. Måndag får vi vite nøyaktig kor mykje fisk som er rømt. Elles vil vi halde fram med fiske gjennom natta og dei næraste dagane.

I 2012 rømde 123.000 regnbogeaure frå selskapet sitt anlegg mellom Hille og Hiserøyna. Dette påførte Firda Sjøfarmer eit framtidig produksjonstap på 30–40 millionar kroner.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser