Hopp til innhold

Oppdrettsanlegg tapar 30-40 millionar kroner på fiskerømming

Firda sjøfarmer taper store summar på rømminga frå eitt av deira anlegg i Gulen.

Leiholmane

RØMDE FRÅ NOTA: Det var her at 123 000 yngel rømde frå ei not.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

123 000 yngel av regnbogeaure rømde for snart to veker sidan frå eit anlegg mellom Hille og Hiserøyna. Administrerande direktør i Firda Sjøfarmer, Carl Erik Arnesen, seier dette får økonomiske konsekvensar.

– Dette er eit stort økonomisk tap som svir. Verdien på den fisken som har forsvunne er vel to millionar, men det framtidige produksjonstapet er på 30–40 millionar kroner, seier han.

Hol i nota

Då rømminga først vart oppdaga laurdag 10. mars, trudde ein at det dreia seg om 10.000 fisk som hadde stukke av. I går vart det klart at det er 123 000 fisk som har rømt.

Eit hol i ei not er årsaka til den omfattande rømminga av regnbogeaure frå anlegget.

Arnesen seier nota var kontrollert av dykkarar seinast ei veke før rømminga skjedde og det er uklart korleis holet har oppstått.

– Det veit vi faktisk ikkje. Hadde vi vist det, hadde vi følt oss litt meir komfortable. Den fisken som var igjen, er flytta over til ei anna merd. Vi har fire-fem mann som prøver å fange opp fisken som har rømt, seier han.

Tredje rømminga

Regnbogeauren er ein introdusert art som ein ønskjer å ha på innsida av merdane og ikkje i fri flyt i norske fjordar. Ifølgje Fiskeridirektoratet sin statistikk er dette den tredje rømminga på tre år ved Firda Sjøfarmer. I 2010 rømde 4 600 regnbogeaurar, medan det i oktober i fjor rømde 8 000 regnbogeaurar.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Lakserømming i Gulen

SJÅ TV-SAKA: 123 000 yngel har rømt frå oppdrettsanlegget.

DNA-testar fisken

Fiskeridirektoratet vil no DNA-teste fisken som er att i anlegget til Firda Sjøfarmer etter rømminga av store mengder fisk.

Seksjonssjef i Fiskeridirektoratet Paul Jacob Helgesen seier dei vil DNA-teste fisken som er att i anlegget

– Vi vil ta prøver av fisken slik at eventuelle funn av den rømde regnbogeauren kan sporast tilbake til anlegget, seier han.