Hopp til innhold

123.000 regnbogeaure har rømt

Fiskerømminga i Gulen syner seg å vere langt meir omfattande enn ein først trudde. Teljing syner at 123.000 regnbogeaure har rømt frå oppdrettsanlegget på Leiholmane i Gulen. Årsaka til rømminga er førebels uviss.

Regnbueørret fanget på Hitra

REGNBOGEAURE: Fisken det er snakk om, er mellom 250 og 300 gram, og er såleis ikkje mogleg å fange utan spesialutstyr.

Foto: Tone Iversen / NRK

Då rømminga først vart oppdaga laurdag 10. mars, trudde ein at det dreia seg om 10.000 fisk som hadde stukke av frå oppdrettsanlegget som ligg mellom Hille og Hiserøyna.

– Vi har følgt opp meldinga tett med dialog med næringsaktøren i forhold til å få vite litt om innsatsen på gjenfangstfiske og at dei første grepa var tekne for å hindre meir rømming, seier seksjonssjef i Fiskeridirektoratet, Paul Jakob Helgesen.

Direktoratet har også vore på ein rømmingsinspeksjon, og måndag var dei med og talde fisken.

– Det var først då vi fekk det verkelege talet på rømd fisk. Det ser ut til å vere 123.000 rømde regnbogeaurar på 250 til 300 gram, seier Helgensen.

Kallar rømminga alvorleg

Regnbogeauren er ein introdusert art som ein følgjeleg ønskjer å ha på innsida av merdane og ikkje i fri flyt i norske fjordar. Ifølgje Fiskeridirektoratet sin statistikk er dette den tredje rømminga på tre år ved Firda Sjøfarmer.

I 2010 rømde 4 600 regnbogeaurar, medan det i oktober i fjor rømde 8 000 regnbogeaurar.

Han karakteriserer rømminga som svært alvorleg.

– Dette er ei hending som ikkje skal skje, og det er klart at ein jobbar både frå vår, styresmaktenes og næringa si side mot ein visjon om å ikkje ha rømming i det heile. Det er klart at dette er ein svært uønskt situasjon som vi ser alvorleg på, seier Helgesen.

– Kva blir gjort for å fange opp dei rømde fiskane?

– Næringa er pliktig til å drive gjenfangst ved rømming i området rundt anlegget. Det har vi hatt ein tett dialog med bedrifta om for å få informasjon om korleis den innsatsen er, seier Helgesen.

Høyrer gjerne frå publikum

Han fortel at dei framleis har ein fortløpande dialog med selskapet for å forsikre seg om at innsatsen er god nok.

– Det som gjerne publikum må komme med tilbakemeldingar om er dersom ein har observasjonar som tilseier at denne regnbogeauren har komme seg andre plassar. Det er absolutt interessant og det må gjerne folk ta kontakt om, seier Helgesen.

Han fortel at fisken det er snakk om er fisk som vart sett ut like før jul.

– Det er liten fisk, seier Helgesen.

Stort også nasjonalt

– Dette er ei stor rømming. Det er ikkje ofte at det rømmer så store mengder fisk frå merdane, seier Helgesen.

I fjor var det ei liknande rømming litt lenger nord i landet.

– Dette er å rekne som ei stor rømming også nasjonalt, seier Helgesen.

Han er forsiktig med å seie at rømminga er på ei topp ti-liste nasjonalt.

– Men det er største rømminga vi har hatt i vårt distrikt på lenge, seier Helgesen.

– Kva reaksjonar kan oppdrettaren vente seg?

Utelukkar ikkje politi

– Det vil eg ikkje kommentere på noverande tidspunkt. Vi prioriterer denne saka høgt og vil jobbe raskt med den for å vurdere kva som vil skje vidare, seier Helgesen.

– Kan det bli aktuelt å kople politiet inn i saka?

– Det kan vere aktuelt. Men eg vil ikkje kommentere det fult ut no, seier Helgesen.

Jobbar for å unngå slikt

Administrerande direktør i Firda Sjøfarmer, Carl Erik Arnesen, likar dårleg situasjonen som har oppstått.

– Ja, først og fremst må eg seie at vi beklagar sterkt at vi har hatt ei rømming. Vi jobbar døgnet rundt heile året for å unngå slike hendingar som dette. Og når det først skjer, så er det sterkt beklageleg, seier administrerende direktør Carl Erik Arnesen i Firda Sjøfarmer.

Då dei oppdaga holet i merden førre laurdag, anslo dei at det var 10.000 fisk som hadde stukke av. Det skulle vise seg å vere langt verre.

– Når ein oppdagar hol, så er det nærast umogleg å vite nøyaktig kor mykje som har rømt. Det fekk vi stadfesta i går då vi talde fisken, seier Arnesen.

Anar ikkje korleis det har skjedd

Han fortel at dei har jobba intenst siste veka for å få tak i ny merd og ny not.

– Vi har gjort alt klart slik at vi kunne få svaret relativt raskt, og det fekk vi då i går. Men det var nedslåande at talet var så høgt, seier Arnesen.

– Korleis har dette skjedd?

– Det veit vi ikkje, for det har ikkje skjedd i samband med nokon operasjon. Vi hadde dykkar nede i merden om lag ei veke før, og då var alt i skjønnaste orden. Og så oppdaga vi då dette holet førre laurdag. Førebels er det ikkje noko kjend årsak, seier Arnesen.

Fire-fem mann har fiska heile tida

Han fortel at nota no skal takast opp og leverast inn.

– Vi håpar at analysar som vert tekne gjer at vi, saman med Fiskeridirektoratet, gjer at vi kan komme fram til ei årsak, seier Arnesen.

– Kva gjer de no med den fisken som er rømd?

– Vi har hatt fire-fem mann som har gått og fiska kontinuerleg sidan vi hadde rømminga, så vi gjer så godt vi kan. Men dette er svært liten fisk, og vi har til og med funne han i magen på ein del torsk og sei rundt anlegget. Så han er ikkje så lett å fange. Men vi har masse garn ute og jobbar med å fange han, seier Arnesen.

Om episoden kjem til resultere i ei bot, vil han ikkje spekulere i.

– Fiskeridirektoratet får gjennomføre sine undersøkingar. Vi har følgt reglar og forskrifter til punkt og prikke. Vi har sertifisert utstyr og anlegg, så alt skal eigentleg vere i skjønnaste orden. Så vi anar ikkje kva som har skjedd, seier Arnesen.