Hopp til innhold

Lagra 230.000 overgrepsbilete av born på dataen

På datamaskina til nordfjordingen fann politiet nær ein kvart million bilete og nær 700 videoar av overgrep mot born.

Fjordane tingrett

MÅ SVARE: Fjordane tingrett har sett av to dagar til saka mot nordfjordingen i 50-åra.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Når saka kjem opp i Fjordane tingrett i slutten av november risikerer mannen fengsel i inntil tre år.

– Min klient vedgår delvis dei faktiske forholda, men erkjenner ikkje straffskuld, seier mannen sin forsvarar, Louis Anda, i ein knapp kommentar.

Varsla av Interpol

Forsvararen har førebels ikkje fått oversendt dokumenta frå politiet, og har heller ikkje hatt konferanse med den tiltalte nordfjordingen. Anda ynskjer difor ikkje å kommentere saka ytterlegare.

Les også: Etterforskar overgrep over heile landet

Det var i oktober 2014 at mannen vart pågripen og varetektsfengsla i åtte veker . Kripos vart varsla av Interpol i England i mars same året om at ein nordmann var aktiv i deling av overgrepsbilete av born.

Dette viste seg å vere nordfjordingen i 50-åra.

– Vi snakkar om eit nokså omfattane materiale. Vanlegvis blir slikt straffa med ei lengre ubetinga fengselsstraff, sa politiadvokat Sissel Kleiven til NRK.

230.000 bilete

Under etteforskinga kom politiet over langt fleire enn dei 246 bilete og 14 videoane som saka starta med. På maskina til mannen fann politiet kring 230.000 bilete og kring 670 videofilmar som viser born som blir utsette for seksuelle overgrep og/eller seksualiserer born.

Frå 2004 til han vart pågripen i 2014 skal mannen jamleg ha motteke, oppbevart og delt filer med andre.

Mannen er tiltalt for brot på Straffelova paragraf 204 a. Saka skal opp i Fjordane tingrett i slutten av november. Det er sett av to dagar til saka.