Hopp til innhold

Lagar vindkraft på garden

Fleire bønder vil setje opp eigne vindmøller på eigedomen og bli sjølvforsynte med straum.

Vindmølle i Ekefjorden som er importert frå Danmark.

I Eikefjorden i Flora kommune har Gunnvar Seljeseth sett opp ei vindmølle på eigedomen sin.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Vestavind Kraft trur småskala vindkraft kan bli ei viktig lokal attåtnæring for bønder med store landbrukseigedomar.

10-15 millionar kroner

Egil Førde i Bjordal i Høyanger planlegg ein liten vindmøllepark 700 meter over havet, i Førdefjella.

- Vi må kunne nytte dei store fjellområda til noko positivt, seier han.

- Og vind har du nok av?

- Når du kjem opp i 700 meter er det stort sett trekk og vind heile tida.

Egil Førde vil at dei som skal drive garden Bjordal i framtida skal ha ei ekstra inntekt å leve av. Han trur vindkraft vil bli ei viktig attåtnæring for fleire bønder trass i at prisen kan kome opp i 10 til 15 millionar kroner.

- Det høyrest skremmande ut, men det gjorde det den gongen dei bygde ut vasskraft óg. Eg trur nok at investeringa i rein kraft er økonomi i på sikt, seier han, og håpar å tene pengar etter 20 års drift.

Ikkje store vindmøller

Det er fleire med store landbrukseigedomar, både langs kysten og i fjellet, som vil nytte vinden til å produsere sin eigen straum.

Håkon Sandvik i Vestavind Kraft har blitt kontakta av folk frå Sunnhordland i sør til Romsdal i nord som vil setje opp ei eller to vindmøller på eigedomen sin. Men det er ikkje snakk om store vindmøller.

- Vi snakkar om noko tilsvarande ei stor flaggstang eller kraftmast. Vi snakkar ikkje om store industrielle utbyggingar, men noko som er tilpassa eigedomen og landskapet på ein heilt annan måte, seier Sandvik.

Kan handle brukt

Vindmøllene kan produsere like mykje straum som eit småskala vasskraftverk, frå 100 kilowatt til ein megawatt. Prisen vil liggje mellom 10 og 15 millionar kroner per megawatt.

Brukte vindturbinar frå Danmark og Tyskland vil få ned prisen, men då blir levetida kortare. Sandvik i Vestavind Kraft trur vindkraft kan bli like populært som vasskraft har blitt for bøndene.

- For nokre år sidan var småkraft noko ingen trudde på. Det var grunneigarane som tok initiativet, men no har det plutsleg blitt ein politisk og samfunnsmessig slager. Det trur eg ein kan sjå for seg på vind også, seier han.

Må nytte naturen

Små vindmølleparkar kan også forsyne fiskeoppdrett og mindre industrianlegg med straum. Sandvik trur småskala vindkraft kan utgjere ti prosent av den totale norske vindkraftutbygginga på sikt. Han er ikkje redd for at utbygginga vil komme i konflikt med naturinteresser.

- Vi trur at å byggje enkelte vindturbinar på denne storleiken vil vere mykje lettare å få tilpassa landskapsformene. Dei vil ikkje prege landskapet på same måte som større utbyggingar, seier han.

Vestavind Kraft hjelper no grunneigarar med å vurdere om det er liv laga med vindmøller i Førdefjella og på andre vindutsette stader langs Vestlandskysten.

Egil Førde håpar dei første vindmøllene på eigedomen hans kan reisast om tre-fire år.

- Eg trur det vert fint med nokre små vindmøller oppe i fjellet. Vi er nøydde å nytte områda våre for å få inntekter, seier han.