Nordfjordingen som er busett i Spania vart avslørt då han sende eit flyttelass til Norge i samband med at han bytte kontor i 2003.
Bergens Tidende skriv at då Tollvesenet undersøkte sendinga fann dei fleire gjenstandar som dei meiner er brukte til omfattande dokumentfalsk. Blant anna fann tollarane falske stempel og utstyr til å lage vognkort.
Vedgår forfalsking
På datamskina til den omstridde og tidlegare mykje omtalte mannen fann politiet også malar til å produsere falske vognkort med. I avhøyr har han vedgått å ha medverka til produksjon av meir enn 100 falske vognkort. Men 54-åringen har sagt til politiet at han vart truga til å vere med på dette.
Ifølgje politiadvokat Terje Gjertsen ser saka ut til å vere ein del av ei større avsløring av ein bilbande i Spania.
Personleg konkurs
Nordfjordingen har tidlegare vore i politiet og påtalemakta sitt søkjelys ei rekkje gonger. Han vart i si tid dømd av ein britisk domstol til å betale ein dansk bank 100 millionar kroner etter ei svindelsak. På 90-talet var han sikta for omfattande spritsmugling. I 2003 slo Høgsterett han personleg konkurs. Gjelda var då på nær 114 millionar kroner.