Hopp til innhold

Lærdal får 3,3 millionar til attreisingsprosjektet

Lærdal kommune fekk fredag ei skikkeleg gladmelding frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Kommunen får 3,3 millionar kroner, det vil seie heile summen dei hadde søkt om til attreisingsprosjektet i 2015.

– Ja, vi har fått ei gledeleg melding om at vi har fått alt vi har søkt om til attreisingsprosjektet i 2015, seier rådmann Alf Olsen jr.

For eitt år sidan blei kommunen råka av den verste brannkatastrofen i Norge etter krigen. Dei offisielle tala frå Lærdal kommune sine offisielle tal viser at 42 bygningar, inkludert garasjar brann ned. 71 personar miste heimane sine.

Fekk berre ein tredel av dei søkte om i fjor

I fjor fekk kommunen berre ni av dei 28 millionane dei søkte om til attreising.

Alf Olsen jr. er rådmann i Lærdal

FEKK DET DEI SØKTE OM: Alf Olsen jr. er rådmann i Lærdal.

Foto: Kamilla Follevåg

– Det stemmer, men det som er viktig er å sjå framover og at vi har fått dei pengane vi treng for 2015.

Dei 3,3 millionane som kommunen no får skal brukast til å styrke helsetenesta, og det førebyggande arbeidet. det blir brukt til å ha litt meir ressursar enn det som er vanleg i barnehagane, Det blir og brukt meir ressursar på skulane til dømes auke miljøarbeiderstillinga frå 75 prosent 100 prosent.

Viktig løyving

– Det er viktig for å følge opp ungane våre. Også plansida vår vi mykje midlar, blant anna får vi ein planressurs 100 prosent stilling. Det har ikkje vore råd med dei rammene vi har hatt. Det er svært viktig for å få gjennomført kommuneplanar og skuleplanar som vi hadde tenkt å jobba med i fjor.

Attreissingsprosjektet som kommunen har sett i gang etter storbrannen for eitt år sidan strekker seg over tre år, med størst innsats i 2014 og ei gradvis nedtrapping i 2015 og 2016.