Hopp til innhold

Her legg Isak grunnlaget for VM-billetten

Skiskyttaren Isak Flo Bødal (Stårheim) har god grunn til å vere nøgd med opningshelga i Norgescupen. Den har langt på veg gjeve han VM-billett.

Isak Flo Bødal på Beitostølen

PÅ GANG: Isak Flo Bødal hadde ein trøblete fjorårssesong. I helga tok han lange steg mot junior-VM i Romania.

Foto: Heidi Munch Starheim

– Eg ligg bra an no. Eitt godt løp til, så er eg sikra å bli med til junior-VM, seier Isak Flo Bødal etter rennhelga på Beitostølen.

Vil til VM

Norge skal sende fem gutar til meisterskapen i Romania 22. til 24. januar. Til grunn for uttaket ligg dei to første helgane i Norgescupen. Tre av fire renn blir teljande.

At Norgescupen går i Stryn same helga, har lita betydning.

– Noregscupen er ikkje noko mål for meg i år. Det er junior-VM eg tenkjer. Eg har aldri gått internasjonalt før, så det har eg veldig lyst til. Med full klaff meiner eg at eg absolutt er i stand til å kunne hevde meg også, seier Bødal.

Skyt godt

Håvard Gutubø Bogetveit

TIL IBU: Håvard Gutubø Bogetveit valde å stå over dagens sprint for å spare seg til IBU-cupen neste helg.

Foto: Heidi Munch Starheim

Nordfjordingen, som konkurrerer i klassa menn 20–21 år, gjekk heilt til topps på normaldistansen laurdag. Søndag følgde han opp med andreplass

Ikkje dårleg det for ein skiskyttar som siste veka før Beitostølen fekk få hardøkter grunna sjukdom. På standplass vart det berre to bom.

– Eg er litt bak fysisk, men det reknar eg med vil komme over jul. Det er tre-fire løparar som går fortare enn meg i sporet. Eg vil helst vere der oppe med dei. Men så lenge eg skyt godt, så heng eg bra med, seier han.

Trena «berre» 300 timar

Bødal hadde ikkje det beste utgangspunktet med seg inn i årets sesong. Sjukdom spolerte så å seie heile sesongen i fjor.

Han fekk kring 300 timar, men burde ligge på mellom 700 og 800 timar.

– Eg gjekk på ein smell tidleg, der eg trena for hardt og for mykje for tidleg. Det tok eit heilt år å restituere seg. Så i år blir eg nok ikkje den som går fortast. Det er først neste år eg ventar å vere tilbake der eg var før sjukdomen, seier han.

Karoline Erdal

SØLV: Karoline Erdal gjekk inn til ein sterk 2. plass på sprinten søndag.

Foto: Heidi M. Starheim - Nordfjordteam / Sogn og Fjordane skiskyttarkrins

Sparte seg til IBU

Håvard Gutubø Bogetveit (Førde) som laurdag gjekk inn til andreplass på normalen, stod over søndagens sprint.

Seniorløparen fekk laurdag kveld beskjed om at han er utteken til kommande helgs IBU Cup i Obertilliach. Han valde difor å spare seg i dag.

– Eg visste at det var sjukdom, så eg venta eigentleg på telefonen sidan eg var reserve denne helga.

– Eg gjekk kvart renn i IBU-cupen etter jul i fjor, så det er godt å endeleg vere tilbake der eg høyrer heim. No skal vise kva eg er god for i utlandet, seier 23-åringen.