Hopp til innhold

Her brenn det oppetter kyrkjeveggen i Årdal

Politiet står framleis utan spor etter at det natt til 2. juledag tok til å brenne i bossdunken som stod tett opptil veggen på kyrkja i Øvre Årdal.

Brann i bosscontainer ved Farnes kyrkje i Årdal.

BRANN I BOSS: Politiet trur nokon kasta fyrverkeri i bossdunken som stod heilt inntil kyrkjeveggen.

Foto: Ivan Øy

– Vi har avhøyrt eitt vitne, men ynskjer informasjon frå dei som har kunnskap om kva som har skjedd, seier tenestestadleiar for politiet i Årdal, Magne Knudsen, tredje juledag.

Brann i bosscontainer ved Farnes kyrkje.

BRANN OPP: Bosscontaineren som stod inn til kyrkjeveggen brann heilt opp.

Foto: Odd Øren / porten.no

Brannvesenet tok ingen sjansar og rykte ut med alt tilgjengeleg mannskap då det byrja å brenne i ein bosscontainer som stod oppetter veggen til Farnes kyrkje.

Naboar varsla om brannen klokka 00.49 og brannvesenet var raskt på plassen med fleire vaktlag.

Politiet mistenkjer at nokon med vilje kasta brennande fyrverkeri i dunken.

– Vi har søkt etter folk og spor i området. Vi mistenker ikkje at dette er eit forsøk på å tenne på kyrkja, men vi ser på det som alvorleg skadeverk, opplyste politiet torsdag.

Magne Knudsen

TRENG TIPS: – Vi ynskjer å kome i kontakt med nokon som har kunnskap om brannen, for det må vere nokon som har det, seier tenestestadsleiar for politiet i Årdal, Magne Knudsen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Om ikkje kyrkjeveggen hadde vore av teglstein, kunne hendinga fått dramatiske følgjer for kyrkja. Kyrkjeveggen fekk noko skadar og lokala vart fylt med røyk.

– Brann uansett tid og stad, likar vi ikkje. Difor ynskjer vi at personen eller personane som har kjennskap til eldspåsetjinga, for det må det vere, tek kontakt, seier Knudsen.

Det var Ivan Øy som tilfeldigvis oppdaga brannen.

– Vi såg at det var røyk og sprang bort for å sjå, fortel han til NRK.

Alarmsentralen i Sogn og Fjordane fortel at brannvesenet har sett inn ei stor vifte i kyrkja for å ventilere ut røyken frå Farnes kyrkje.

Trur det var påtent

Brann ved Farnes kyrkje i Årdal

BRANN VED INNGANG: Bosscontaineren stod plassert tett opptil eine inngangen til kyrkja.

Foto: Odd Øren / NRK

Årsaka til at det byrja å brenne i containeren er førebels uklart, men det vil politiet forsøke å finne ut av.

Sokneprest Olav Nese i Øvre Årdal seier til NRK at han først blei klar over brannen i morgontimane torsdag. Han tvilar på at det kan ha starta å brenne av seg sjølv.

– Det er vanskeleg å seia, men eg tenkjer at det kanskje er nokon som har funne på noko dei ikkje heilt har forstått konsekvensane av, seier Nese til Sogn Avis.

Det var ikkje planlagt gudsteneste i kyrkja i dag.