Hopp til innhold

Kyrkja og Raudt saman mot Israel si krigføring

Eit umake par, men med felles mål om å få slutt på Israel si krigføring på Gaza-stripa. I dag møttes prosten og politikaren på elvekanten i Førde.

Reidar Knapstad og Ingunn Kandal

SAMAN FOR GAZA: Prost i Sunnfjord, Reidar Knapstad, og Raudt-politikar Ingunn Kandal.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Reidar Knapstad er prost i Sunnfjord, medan Ingunn Kandal er leiar i Raudt Sogn og Fjordane. I dag deltok dei begge på ei stor markering mot Israel si krigføring på Gaza-stripa.

– Det er viktig å samle folk imot det som no skjer i Gaza. Vi kan ha ulike tilnæringar og innfallsvinklar til dette, men vi må stå saman, seier Kandal.

Under markeringa møtte om lag 100 menneske opp ved elvekanten framfor det nye rådhuset i Førde. Prost Reidar Knapstad var ein av dei som heldt appell, og han meiner at det er ei plikt for han som kyrkjeleiar å seie frå.

– Bakgrunnen for det var at eg fekk spørsmål frå ein av kollegene mine, Marte Ottesen, som har vore på Gaza og er sterkt engasjert. Eg synes ikkje det er problematisk for kyrkja å seie klart frå mot urett og å vere talsmann for dei som lir. Det meiner eg er vår klare plikt, seier Knapstad til NRK.

Frontane har vore steile i debatten om det som no skjer i Gaza, og mange kristne har engasjert seg sterkt på Israel si side i konflikta. Men prosten er klar på at han står støtt i sitt synspunkt.

– Religionen er så klart tilstades i denne konflikta, men det er nasjonalstaten Israel som då okkuperer palestinsk område. Det er ei konflikt som vanskeleg let seg løyse med vald og terror på begge sider.

– Men har du støtte for ditt syn i prostiet og kyrkjelyden?

– Det kan jo vere delt, men eg trur eg har klar støtte også. Det er veldig viktig å stå saman og tale mot den uretten som vi ser, sler Knapstad fast.

Allsang under Gaza-markering i Førde