Hopp til innhold

Kvinner i fengsel for trygdesvindel

Ved å gje ukorrekte opplysningar til NAV fekk kvinnene utbetalt om lag 200 000 kroner dei ikkje hadde rett på. No må begge i fengsel.

To kvinner frå Sunnfjord er dømde til fengsel etter å ha svindla NAV. Den eine kvinna må sone 90 dagar i fengsel, medan den andre er dømd til 75 dagar fengsel.

Kritiserte NAV – dømd til 90 dagar i fengsel

Felles for begge sakene er at kvinnene leverte inn meldekort der dei lot vere å opplyse om alle timane dei hadde vore i arbeid. Med dette som grunnlag fekk dei utbetalt store summar som dei ikkje hadde rett på.

Den eine kvinna er i midten av 40 åra. Over ein periode på to år og ein månad skal ho ha svindla til seg like over 200 000 kroner frå NAV. Kvinna på si side kritiserte NAV, og meinte dei ikkje hadde god nok kontroll med utbetalingane.

Retten ser ikkje at denne kritikken kan ta vekk ansvaret kvinna hadde til å gje korrekte opplysningar. At kvinna har ei vanskeleg fortid skal heller ikkje ha blitt teke omsyn til.

Kvinna tilsto forholda og vil betale tilbake pengane. Retten har difor vald å dømme kvinna til 90 dagar i fengsel.

Håpar å få sone med fotlenke

Den andre kvinna som er i byrjinga av 40-åra skal ha forklart at svindelen skjedde i ein vanskeleg periode. Mellom anna skal sambuaren hennar ha brukt vald mot ho, noko han også seinare er dømd for.

Over ein periode på eitt år og to månader skal kvinna ha fått utbetalt like oppunder 200 000 kroner ho ikkje hadde krav på. Kvinna er også tidlegare dømd for liknande bedrageri, noko retten finn straffeskjerpande.

Kvinna har vedgått forholdet utan atterhald, og er allereie i gong med å betale tilbake pengane. Ho har ansvar for eit lite born, noko retten til ei viss grad vektlegg i straffeutmålinga Dei viser mellom anna til at fengselsstraff vil kunne gå utover omsorgssituasjonen til barnet.

Fjordane tingrett har vald å dømme kvinna til 75 dagar fengsel. I dommen skriv dei at dei håpar Friomsorga kan tilby kvinna å sone med fotlenke.