Hopp til innhold

Sjefen hjelpte tilsette å svindle

Vågsøyveringen er ikkje berre tiltalt for storstila smugling. Påtalemakta meiner han gjennom tre år medverka til at ni tilsette fekk feilaktig utbetalt stønad frå NAV.

Korrupsjon

Illustrasjon

Foto: Illustrasjonsfoto: www.colourbox.com

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Mannen må 6. oktober møte i Fjordane tingrett, tiltalt for å ha smugla ein halv million sigarettar og for oppbevaring av 80 liter ulovleg brennevin. I tillegg meiner påtalemakta at mannen har gjort seg skuldig i storstila trygdesvindel .

Hjelpte ni tilsette

I følgje hovudtiltalen skal mannen ikkje ha inntektsført omsetning på til saman 1,7 millionar kroner for 132 laste- og losseoppdrag. Påtalemakta meiner også at han skal ha svindla til seg 360.000 momskroner, samt nær 200.000 kroner i feilaktig utbetalt trygdestønad.

Men Statsadvokatane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane meiner at det ikkje berre er for eiga vinning at mannen har medverka til svindel. Vågsøyværingen, som dreiv si eiga verksemd, er tiltalt for å ha medverka til at ni arbeidstakarar fekk ut til saman 1,3 millionar kroner frå NAV utan at dei hadde rett på det.

- Etter påtalemakta si meining har han gjeve ytingar til personar som han må ha hatt kunnskap om har vore under støtte frå NAV, seier advokat Terje Gjertsen som skal aktorere saka for påtalemakta.

Opp til 400.000 kroner

Terje Gjertsen

Advokat Terje Gjertsen.

Foto: Øyvind Torvund / NRK

- Eg klarer ikkje å ta det på sparket, men det er beløp frå kanskje 60.000-70.000 kroner og oppover. Den som var høgast, fekk åleine utbetalt nær 400.000 kroner, fortel Gjertsen.

Utbetalingane skal ha skjedd frå desember 2002 til februar 2005. Det er sett av ti dagar til saka i Fjordane tingrett. Forsvararen til mannen, Kim Erling Gerdts, vil ikkje uttale seg før han har gått gjennom tiltalen. Dei ni tilsette må også møte i retten.

Rulla opp i 2005

Snøballen byrja for alvor å rulle då vågsøyværingen vart pågripen med fleire hundre tusen sigarettar i bilen i februar 2005. Politiet hadde då følgt bilen gjennom Sogn og Fjordane og delar av Hordaland.

Mannen vart varetektsfengsla først i tre veker mistenkt for smugling. Denne vart seinare utvida til fire nye veker .

Verksemd i arrest

Politiet mistenkte ei omfattande smuglarsak og medan mannen sat varetektsfengsla, vart saka rulla opp. Fleire personar vart pågripne og i mars vart ein russar dømd i Sunnhordaland tingrett for medverknad til smugling .

I mai 2005 hadde om lag 30 personar erkjent å ha kjøpt kjøpt sigarettar av mannen . På denne tida hadde også Skattefuten teke arrest i verksemda hans med 15 tilsette. Dei mistenkte mannen for momssvindel .

Dømd i 2001

Saka som skal opp 6. oktober er ikkje mannen sitt første møte med rettssystemet. I 2001 vart mannen dømd for smugling etter at to personar døydde etter å ha drukke sprit som kom frå mannen.

Retten slo fast at han ikkje kunne lastast for dødsfalla, men dømde han til 45 dagar fengsel på vilkår og bot for smugling og heleri.