Hopp til innhold

Svindla til seg uførepensjon - må i fengsel i eitt år

Ein sunnfjording i 70-åra har lurt trygdekontoret til å utbetale over 600 000 kroner i uførepensjon, sjølv om han har jobba som sjølvstendig næringsdrivande.

Mannen fekk innvilga full uførepensjon frå 1999. Etter dette lot han vere å melde frå om rekneskap eller likningsoppgåver med opplysningar om næringsverksemd.

Opererte pressluftbor

Skattekontoret fekk eit tips i 2006 om at sunnfjordingen hadde utført svart arbeid, og melde saka til politiet.

I dommen kjem det fram at mannen sin alminnelege inntekt har auka med nesten 900 000 kroner frå åra 2000 til 2007.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Retten finn det bevist at mannen som jobbar i anleggsbransjen, har utført tungt fysisk arbeid. Mellom anna skal han ha operert eit pressluftbor.

Dette samsvarar dårleg med helseplagane som gjorde at han vart arbeidsufør.

Erkjenner straffskuld

Tiltalte erkjende straffskuld, men ikkje i at han var klar over at gjorde noko ulovleg.

Mannen forklarte seg med at arbeidet var for å hjelpe ulike personer og at dette ikkje var økonomisk motivert. Dette festa ikkje retten lit til.

Retten ser det på som formildande at det har gått svært lang tid frå mannen blei meld til politiet til saka hamna i retten. I tillegg talar tiltalte sin høge alder og dårlege helse til fordel for sunnfjordingen.

Sunnfjordingen er i tillegg dømd for ikkje å ha skatta av det han har tent.

Retten dømde mannen til eitt år i fengsel, med to års prøvetid.