- Vi er framleis svært interesserte i å snakke med desse kvinnene, sa politiadvokat Sissel Kleiven laurdag ettermiddag.
Den eine av kvinnene vart observert ved Fossabrua, knappe to kilometer frå drapsstaden rundt klokka 0700 søndag morgon. Observasjonen av denne kvinna tyder på at det er avdøde Anne Slåtten.
Den andre kvinna vart sett nokre hundre meter lenger nede mot drapssstaden.
Tett ved drapsstaden
Ei siste kvinne vart sett ved ein busslomme berre nokre få meter frå drapsstaden rundt klokka 0715. Ho har truleg vore i området rett før drapet skjedde, og skal ha gått nedover mot Førde sentrum.