Hopp til innhold

Kvinne skadd i påkøyrsel

Ei kvinne måtte til legesjekk etter ein kollisjon på riksveg 15 ved Oppljostunnelen på Strynefjellet fredag føremiddag.

Kollisjon på Strynefjellet.
Foto: Jan Ivar Vik

Kvinna var saman med tre andre tilsette i NGI som skulle på kurs ved skredstasjonen i Grasdalen, skriv Fjordingen.

Retten før tunnelen bremsa bilen med dei fire opp, og ein bil som kom rett bak klarte ikkje å stoppe.

Politiførstebetjent Rolf Knutsen seier til Fjordingen at den unge kvinna som sat i baksetet klaga over smerter i nakken. Ho vart difor sendt til legesjekk. To av reisefølgjet var med i ambulansen, men desse vart ikkje skadde.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 12.20.