Hopp til innhold

Kvinne blei stukken i halsen med brekt biljardkølle

Politiet meiner angrepet skjedde uprovosert.

Rusmisbruker på møteplass i Elverum

BILJARD-VALD: I følgje politiet vart kvinna både stukken og slått.

Foto: Anette Strand Sletmoen / NRK

– Me veit ikkje kvifor det skjedde, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt.

Det var ved eit lokale i Botnastranda i Florø at ein mann i 20-åra skal ha angripe kvinna og påført ho slag- og stikkskadar med ei brekt biljardkølle. Kvinna måtte på legevakt, men tilstanden skal ikkje vere alvorleg.

Startar etterforsking

Dahl-Michelsen fortel at dei no har arrestert ein person som er mistenkt for å ha utført hendinga. Dei veit endå ikkje kvifor det skjedde.

– Det heile verkar å ha skjedd uprovosert.

Sjølv om tilstanden til kvinna ikkje er alvorleg, har ho kuttskadar i halsen.

Dahl-Michelsen seier at politiet har starta etterforsking av saka.

– Me håpar etterforskinga vil gje oss betre svar på kva som skjedde.

OPPDATERT kl.16.23: Vi skreiv tidlegare at hendinga skjedde på ein MC-klubb, noko som ikkje stemmer.