I Leikanger er 27% av arbeidsplassane statlege, medan 23% av jobbane i Førde er statsløna. Med andre ord er rundt kvar fjerde yrkesaktiv statstilsett i desse kommunane.
Leikanger. Arkivfoto: Ragnvald Søgnesand
Kan skade privat næringsliv
Professor Oddbjørn Bukve ved Høgskulen i Sogn og Fjordane seier høg del statlege arbeidsplassar kan skade det private næringslivet. - Det blir hevda at naud lærer naken kvinne å spinne. Med andre ord kan mange trygge statlege arbeidsplassar redusere risikoviljen og dermed veksten i det private næringslivet, seier Bukve.
Leikanger på fjerdeplass
Leikanger ligg no heilt oppe på fjerdeplass i landet når det gjelde prosentdel statlege arbeidsplassar, medan Førde ifylgje Statistisk Sentralbyrå sine siste tal er oppe på tiandeplass.
Her er 1300 statlege arbeidsplassar. Arkivfoto: Arild Nybø
Sjukehusa skifte eigar
Etter at sjukehusa gjekk over frå fylkeskommunen til staten vart Førde ein stad med svært høg del statleg arbeidsplassar med 1300 tilsette berre ved sentralsjukehuset. I Leikanger har det mellom anna vore vekst innan trygdeetaten.
- Tryggare i Førde
Og Oddbjørn Bukve, som er professor i organisasjon og leiing seier at Førde truleg har tryggare statlege arbeidsplassar enn Leikanger. - I helsesektoren vil det vere ein stødig vekst framover. I Leikanger vil faktorar som desentralisering, utflytting av statlege arbeidsplassar og regionalisering avgjere framtida, seier han.