Hopp til innhold

Kvalm og svimmel Furebotn

Sogndalspelar Henrik Furebotn måtte kaste inn handkledet allereie før halvtimen var spelt mot Vålerenga.

Furebotn skadd mot Vålerenga.

MÅTTE UT: Henrik Furebotn får hjelp til å komme seg på beina av medisinsk koordinator i Sogndal, Kim Are Jacobsen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Midtbanespelaren måtte erstattast av Vegar Gjermundstad etter eit ublidt møte med vålerengas Fegor Ogude.

- Eg fekk ei kraftig lårhøne, men veit ikkje meir før om to-tre dagar når hevelsen har gått ned. Det plar normalt ikkje ta så lang tid. Det er lenge til neste kamp, seier Furebotn medan han hinkar forbi journalistane på krykker etter kampen.

Kvalm og svimmel

Same Ogude var også for sein i ein duell med Even Hovland minuttet seinare. Medan heimepublikumet skreik etter gult kort, slapp vålerengaspelaren med tilsnakk frå dommar Tom Harald Hagen.

- Eg fekk kneet hans midt i muskelen på framsida av låret. Eg vart svimmel og kvalm. Prøvde å reise meg opp att, men hadde ikkje sjans, fortel Furebotn.

Klar mot Brann

23-åringen fekk hjelp av medisinsk koordinator Kim Are Jacobsen og Per Egil Flo. Furebotn er rimeleg trygg på at han blir klar att til å møte Brann i Bergen 10. juni.

- Det skal mykje til om eg ikkje skal bli klar til neste kamp, seier han.