NRK Meny
Normal

Kuttar til beinet, samstundes som dei hyrer inn konsulentar i Fjord1-saka

Samstundes som fylkeskommunen må kutte mellom 167 og 225 millionar kroner fram mot 2019, har dei hyra inn konsulenthjelp for å vurdere eigarskapen i Fjord1.

Tore Eriksen, fylkesrådmann, Sogn og Fjordane Fylkeskommune

KAN IKKJE: Fylkesrådmann Tore Eriksen seier dei ikkje kan offentleggjere kor store summar dei brukar på konsulentar, då korkje tal eller summar er offentlege.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Men ingen av skattebetalarane får vite kor mykje som går med, seier fylkesrådmann Tore Eriksen.

– Det kan eg ikkje gå inn på. Vi har avtalar med konsulentar som hjelper oss, men desse avtalane er ikkje offentlege. Summane samla sett er heller ikkje offentlege, seier Eriksen.

På same tid som fylkeskommunen må kutte i veg, skule og kultur har politikarane opna pengesekken for innleigde konsulentar.

Politikarane kjøper inn råd fordi dei vurderer å selje aksjeposten i Fjord1.

Kan røpe kva dei jobbar med

Men fylkesrådmann Tore Eriksen viser til offentleglova og fryktar at kunnskap om summan kan røpe kva Fylkeskommunen held på med å gjere.

– Viss vi offentleggjer beløp, gir vi også indikasjonar på kva vi jobbar med. Det har vi ikkje høve til å gjere, seier Eriksen.

At Fylkespolitikarane vurderer sal av Fjord1 aksjane, og at styret i selskapet helst vil ha fusjon, er ei av Sogn og Fjordane sine mest omtalte nyhendesaker siste året.

Alt er det gjort ei såkalla indikativ bodrunde for å kartlegge interessa.

Peikar på det moralske ansvaret

Ekspert på presse og offentlegheit, Gunnar Bodahl Johansen, har vanskar med å sjå at openheit kan gjere nokon skade.

– Særleg viss det er offentleg kjent i forvaltninga og det har vore ein debatt rundt dette, og alle veit at det skjer, seier Bodahl Johansen.

Gunnar Bodahl-Johansen

ANSVAR: Ekspert på presse og offentlegheit, Gunnar Bodahl Johansen, peikar på at fylkeskommunen har eit moralsk ansvar for å gjere greie for bruken av skattebetalarane sine pengar.

Foto: Institutt for Journalistikk

Han seier at ein ting er å ha juridisk dekning for hemmeleghaldet, noko anna er det moralske ansvaret.

– Uansett er det skattebetalarane sine pengar. Det gir naturlegvis ei klar moralsk forplikting til å gjere greie for bruken av desse pengane i ein kvar samanheng, seier Bodahl Johansen.

Men sjølv om han held pengebruken hemmeleg forsvarar Tore Eriksen at Fylkeskommunen har bruk for konsulentane i ei vanskeleg sak.

– Denne type arbeid krev ein heilt spesiell form for spisskompetanse som fylkeskommunen ikkje har, seier Eriksen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.