Hopp til innhold

Hengaren som skal hjelpe folk fekk ikkje stå slik lenge

– Dette er forferdeleg. Det er trasig.

Transporthengar Høyanger Røde Kors Hjelpekorps

GLEDE: Dette biletet av Høyanger Røde Kors Hjelpekorps sin nye transporthengar vart tatt då den vart henta. Ei veke seinare vart den utsett for skadeverk.

Foto: Roger Midtbø

Det seier leiar i Høyanger Røde Kors Hjelpekorps, Randi Rusti, etter at nokon skar hol i dekka på den to-tre veker gamle transporthengaren førre helg.

– Det må vere rampestrekar og eg reknar med at dei gjorde dette utan å tenkje følgjer. Truleg har nokon litt for mykje fritidig og ikkje mykje anna å finne på, seier Rusti.

Skal hjelpe

Punkterte dekk med kniv

PUNKTERT: Det er tydeleg at det er nytta ein skarp gjenstand til å stikke hol i dekka.

Foto: Roger Midtbø

Hengaren stod parkert på ein parkeringsplass i Høyanger imedan den venta på ein stad den kan stå innandørs. Også hengaren som stod ved sidan av fekk kutta opp dekka sine.

Rusti seier hengaren mellom anna blir nytta til å hjelpe folk som er i naud og sårbare situasjonar.

– Det er kjedeleg at slike ting blir øydelagde. Ein veit jo aldri når ein får bruk for den, seier Rusti.

– Kva vil du seie til dei som har gjort dette?

– Eg håpar nokon angrar seg og etter kvart forstår litt meir om kva dei har drive på med.

Bølgje med skadeverk

Hjelpekorpset finansierte hengaren med dugnadspengar. No har dei sett på mellombelse dekk og har bestilt nye dekk.

– Den er per dags dato operativ, seier Rusti og opplyser at saka er meld til politiet.

Det har siste tida vore fleire tilfelle av skadeverk i Høyanger. Mellom anna er basketballstativ øydelagde og benkar kasta på elva.

– Hengaren føyer seg inn i rekka av anna skadeverk som er gjort på skule, idrettsanlegg og slike ting. Det har vore mykje tull og tøys. Det er trasig at det skal vere slik, seier Rusti og håpar politiet oppklarar rekkja med skadeverk.