Hopp til innhold

Latter og glade ungdommar på populær Kulturfestival

Helga starta tidleg for deltakarane på Kulturfestivalen for utviklingshemma med dans, song og masse glade fjes.

På Kulturfestivalen for uviklingshemma er danseskoa flittig brukt. Så gjeld det å finne andre danseglade.

SONG OG DANS: Under Kulturfestivalen for utviklingshemma er det stor stemning. Foto: Eli Eikenæs Vengen

– No skal eg på dans. Det skal eg gjere heile helga. Eg gler meg, seier ei utolmodig Ingvill Rakneberg etter at ho akkurat har stått på scena med gruppa «Go Bananas».

For Ingvill Rakneberg er det stor stas å vere på Kulturfestival for utviklingshemma.

– Eg må prøve noko nytt og det blir kjempekjekt. Eg håpar ikkje eg blir nervøs, eg skal uansett gjere så godt eg kan.

Allereie full av sommarfuglar

Ho har allereie opparbeidd opptil fleire sommarfuglar i magen før søndagens avslutningskonsert. Rakneberg var med i fjor og veit at festivalen blir kjekk.

– Eg blir i godt humør og tenke ikkje på anna enn Kulturfestivalen. Og så får eg mange nye vennar, smiler ho.

Alle deltek på ein verkstad med til dømes dans eller song – som dei er med på heile helga, med konsert søndag der alle verkstadane vert sett saman.

Ansvarleg for festivalen, Jorunn Bakke Nydal, musikkterapeut i Kulturavdelinga, seier helga er viktig for dei mange utviklingshemma i fylket.

Avsluttar med Løvenes Konge

– Mange utviklingshemma har ikkje tilrettelagt tilbod for deira ressursar heime i kommunen, men det har dei her denne helga. Det er fantastisk å sjå gleda deira på opningskonserten, det er ei ære å få vere her, seier Bakke Nydal.

Nesten alle kommunane i Sogn og Fjordane er representerte på festivalen, det vil seie nær 100 deltakarar, i tillegg deltar rundt 150 medhjelparar. Den store finalen er søndag.

– Søndag blir det avslutningskonsert der vi skal vise Løvenes Konge, då skal alle gruppene settast saman til ei førestilling. Det blir veldig spennande, seier Bakke Nydal.

Løvenes Konge er tema under Kulturfestivalen. Ann Kristin Årøy drøymer om å spele Løva. Nina Roska gledar seg til å danse.

Nina Roska og Ann Kristin Årøy dansar medan tonane støymer ut av salen. Foto: Eli Eikenæs Vengen

Finn tonen saman

Ei anna som gler seg til framsyninga søndag er Ann Kristin Årøy frå Solund. I helga skal ho vere med på teaterverkstad, og ho drøymer om å få ei spesiell rolle.

– Løva. Det er hovudrolla, seier Årøy.

Ho dansar saman med Nina Roska frå Førde i gangen på festivalen medan songen strøymer ut frå konsertsalen.

– Eg har dansa ballett i 20 år så dans kan eg. Eg synest det er moro å vere her, det er kjekt å møte mange andre.